Kan krangling og kaos velte Ap-makta i Bergen?

Arbeiderpartiet er prega av krise og konflikt. Det kan koste partiet dyrt i neste lokalval. Høyr kvifor i vekas episode av BT20.

Publisert Publisert
  • Ingvild Nave
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Krangling, #metoo-skandalar og mislykka politikk har ført til at Arbeiderpartiet stuper.

Denne vekas episode av BT20 handlar om fallet, kva dei kranglar om og konsekvensane. Kan det koste dei makta i Bergen?

Abonner på podkast-serien via iTunes her, på Soundcloud her eller søk den opp i din podkast-app. Du kan også høre den nederst i denne artikkelen.

NY LANDSMODER? Medan Erna Solberg både fekk kysse sjøløvar og sitje fire nye år som statsminister, måtte Ap innsjå nederlaget etter stortingsvalet i 2017. Foto: Nikita Solenov

Allereie før stortingsvalet i 2017 begynte det å rakne for partiet. Taktikken dei hadde valt slo ikkje noko særlig an blant veljarane.

Eit skuffande val var berre starten. I desember kom Giske-saken, der han var skulda for å ha drive med seksuell trakassering.

INGEN JULEFRED: To dagar før julafta måtte Ap-leiar Jonas Gahr Støre troppe og svare på spørsmål om varsla mot Trond Giske. Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Det blei konkludert med at han hadde brote retningslinene til partiet.

I kjølvatnet av Giske-saka vaks det fram maktkamp og splid i leiinga i partiet. Jonas Gahr Støre klarte ikkje å roe gemyttane mellom dei forskjellige fraksjonane i partiet.

LEI: Byrådsleiar for Ap, Harald Schjelderup, ønskjer ro i partiet fram mot valkampen. Foto: Rune Sævig

No er lokallaga lei av kranglinga. Til hausten startar valkampen før kommune- og fylkestingsvalet i 2019.

Spelet om makta i Bergen er i gang, og Bergen Ap ber toppleiinga i partiet slutte å krangle og skjerpe seg.

Heile historia kan du høyre i vekas episode av BT20 på din podkast-app!

Produsent for podkasten er Henrik Svanevik.

Publisert

BT20

  1. – Varsellampene har vært ekstremt mange. Noen må gå.

  2. – Han provoserer bevisst folk på ytterste kjøttfløy

  3. Noen av valgets største tapere dannet nytt byråd. Hvordan kunne det skje?

  4. – Det er så riv, ruskande gale. Og potensielt livsfarleg.

  5. Forvirret om Bybanen til Åsane? Hør BT20.

  6. Dette vil Søviknes få på plass før han gir seg

Les mer om dette temaet

  1. BT20, Episode 1: Her er historia om korleis sykkelfesten enda i skandale, krangling og konkurs

BT anbefaler

Yngve ville fremleie til indere. «De ødelegger leiligheten med matlaging», skrev utleier.

«De er ikke til å stole på fordi de ødelegger leiligheten med matlaging», skrev utleieselskapet BKV Eiendom i e-post.

LES SAKEN
  1. BT20
  2. Arbeiderpartiet (Ap)
  3. Politikk
  4. Jonas Gahr Støre
  5. Bergen