Krangling, #metoo-skandalar og mislykka politikk har ført til at Arbeiderpartiet stuper.

Denne vekas episode av BT20 handlar om fallet, kva dei kranglar om og konsekvensane. Kan det koste dei makta i Bergen?

Abonner på podkast-serien via iTunes her, på Soundcloud her eller søk den opp i din podkast-app. Du kan også høre den nederst i denne artikkelen.

NY LANDSMODER? Medan Erna Solberg både fekk kysse sjøløvar og sitje fire nye år som statsminister, måtte Ap innsjå nederlaget etter stortingsvalet i 2017.
Nikita Solenov

Allereie før stortingsvalet i 2017 begynte det å rakne for partiet. Taktikken dei hadde valt slo ikkje noko særlig an blant veljarane.

Eit skuffande val var berre starten. I desember kom Giske-saken, der han var skulda for å ha drive med seksuell trakassering.

INGEN JULEFRED: To dagar før julafta måtte Ap-leiar Jonas Gahr Støre troppe og svare på spørsmål om varsla mot Trond Giske.
Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Det blei konkludert med at han hadde brote retningslinene til partiet.

I kjølvatnet av Giske-saka vaks det fram maktkamp og splid i leiinga i partiet. Jonas Gahr Støre klarte ikkje å roe gemyttane mellom dei forskjellige fraksjonane i partiet.

LEI: Byrådsleiar for Ap, Harald Schjelderup, ønskjer ro i partiet fram mot valkampen.
Rune Sævig

No er lokallaga lei av kranglinga. Til hausten startar valkampen før kommune- og fylkestingsvalet i 2019.

Spelet om makta i Bergen er i gang, og Bergen Ap ber toppleiinga i partiet slutte å krangle og skjerpe seg.

Heile historia kan du høyre i vekas episode av BT20 på din podkast-app!

Produsent for podkasten er Henrik Svanevik.