– Kom deg ned frå fjellet før kolonne og stengingar

– Vêret på laurdag blir problematisk, ein bør helst reise fredag eller søndag, seier meteorolog Isak Slettebø om forholda på fjellovergangane.

Publisert Publisert

Førre helg var det mykje dårleg ver på fjellovergangane. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

– Blir det kolonne så tar den berre 25 bilar i gongen. Då vert det lang ventetid, seier Kjetil Molvær hjå Vegtrafikksentralen.

Den komande helga vil mange i gamle Hordaland vende snuten heim etter vinterferien.

Vêret kan by på utfordringar for dei reisande.

– Det er ein del lokale variasjonar, men det blir dårleg ver. Skal ein reise må ein rekne med kolonne og stengde vegar, seier Molvær.

Les også

Vinterferietrafikken direkte

Molvær er oppfordrar reisande å kome seg ned frå fjellet, før det blir for gale.

– Det blir kanskje litt kaos, eg vil oppfordre folk til å følgje med på lokale vêrmeldingar. Kom deg ned frå fjellet før det blåser opp, seier Molvær hjå Vegtrafikksentralen.

Det kan bli mykje vind på Hardangervidda i helga. Her frå førre helg. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Økende snøskredfare

Også vakthavande meteorolog i Stormgeo, Isak Slettebø, ser at vêret kan bli problematisk.

– Eg er skeptisk til helgevêret. Det blir kaldt på fjellet, og mykje vind. Kanskje storm, i alle fall liten kuling, seier Slettebø.

Snøskredfaren er økdende, ifølge nettstedet varsom. Lørdag er det betydelig snøskredfare på Voss, i Hardanger, Sogn og i indre fjordane.

Les også

Framfor desse skjermane sit dei som skal lose feriefolket trygt til fjells

Meteorologen forventar at det blir mellom 5–10 minus på fjellet.

– Det er mykje snø i fjellet allereie, nokre plassar kjem det snø i lag med vinden. Det er det som gjer det problematisk, det gir dårleg sikt.

Brøytekantar lagar problem

Slettebø oppfordrar reisande til å styre unna laurdagen.

– Om du ikkje har noko anna mogelegheit enn å reise laurdag, blir det problematisk, seier Slettebø. Han oppfordrar dei som kan å reise fredag.

Brøytemannskapet måtte arbeide på spreng ofr å halde Hardangervidda open for trafikk sist helg. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Trafikkoperatøren forklarar at det kan bli utfordringar på fleire fjellovergangar.

– Tidlegare i vinter blåste vinden rett over vegen, det er ikkje status no. Dei høge brøytekantane gjer at snøen blir fanga langs vegen. Då blir sikta dårleg, spesielt for personbilar, seier Molvær.

Molvær oppfordrar dei som må reise på laurdag til å nytte vegen over Filefjell.

– Der er det tunnel på kvar side. Vegen er bygd opp, så brøytekantane mindre. Eg tilrår å nytte den så langt som råd.

Publisert