Med motorsag og vasskanon stogga frivillige brannen frå å spreie seg

Sterk vind og vanskeleg terreng gjorde sløkkingsarbeidet utfordrande.

Publisert:

OMRINGA BRANNEN: Slepebåten TB «Toranes» fekk sløkt brannen der brannvesenet ikkje kom til på Bømlo søndag kveld. Foto: Bømlo brann og redning

I 17.30-tida på søndag rykka naudetar ut etter ei melding om brann i ei hytte i Agasøstervegen på Rubbestadneset på Bømlo.

Bømlo brann og redning fekk først melding om ein hyttebrann. Då dei kom til staden, såg dei at hytta låg vanskeleg til nede i et juv med bratte berg på begge sider, fortel varabrannsjef Frode Sagvaag i Bømlo.

Det var kraftig vind i området. Så lenge den blåste mot sjøen hadde dei kontroll.

– Men så snudde vinden, og situasjonen vart uoversiktleg, seier han.

Brannvesenet køyrde da opp til vegen ovanfor og budde seg på å møte flammane som spreidde seg oppover.

Første prioritet var å hindre brannen frå å spreie seg til andre hus i nærleiken. Det nærmaste låg kring hundre meter frå hytta.

– Vindretninga veksla, og brannen spreidde seg i fleire retningar, seier Sagvaag

Les også

Brann på Bømlo: Hytte og rundt 40–50 mål har brent

Slepebåt dynka brannen med sjøvatn

Samtidig som brannvesenet budde seg på å møte flammane på oppsida av hytta, vart mannskapet om bord i slepebåten «TB Toranes» ringt opp av ein slektning. Ho fortalde at brannvesenet på Bømlo sleit med å sløkke brannen i området rundt hytta.

I båten sat Nils Helge Agasøster og søskenbarnet Frank Tvedt.

Då «TB Toranes» kom til staden i 18-tida, såg dei store flammar i området under berget og hytta, fortel Agasøster.

Fram til klokka 23 dynka dei hytta, lyngen og skogen med sjøvatn.

– Vi har betydeleg større kapasitet enn den vesle vasspumpa dei har på brannbilane sine, seier Agasøster.

DYNKA BRANNEN MED SJØVATN: TB «Toranes» hjelp brannvesenet å sløkke brannen. Foto: Nils Helge Agasøster

Ville ha slite mykje meir utan hjelp frå frivillige

Fleire lokale folk skar samtidig ut ei branngate kring hundre meter frå brannen.

– Dei stoppa brannen frå å spreie seg lenger, seier varabrannsjefen.

Fem personar fekk i seg røyk frå brannen, og fekk tilsyn av helsepersonell. Ein av dei som hogg ut branngata, vart køyrt med ambulanse til legevakt på grunn av røykinhalering.

Brannvesenet på Stord hjelpte og til med å sløkke brannen.

– Utan hjelp frå Stord og den frivillige innsatsen, ville vi ha slite mykje meir, seier Frode Sagvaag, varabrannsjef i Bømlo.

TOTALT NEDBRENT: Brannen spreidde seg til eit område på 40–50 mål rundt hytta, som vart totalt nedbrent. Foto: Bård Bøe

30 personar vart evakuert

Det var ikkje folk i hytta da den byrja å brenne. Brannen rakk å spreie seg til eit område på 40–50 mål rundt hytta, som er heilt nedbrent. opplyser politiet.

Omtrent 30 personar vart evakuert til ei kai øst på øya. Fleire tok seg sjølv dit med bil.

Politiet har no oppretta sak og skal kartlegge kva som var brannårsaka, fortalde operasjonsleiar Victoria Hillveg i Sør-Vest politidistrikt søndag kveld.

– Det er standard prosedyre. Akkurat no har vi ingen indikasjon på kva som er årsaka til brannen, sa ho.

Publisert: