Podkast: – Reserveferjene er laga for å duppe i Oslofjorden

To av ferjene som trafikkerer strekninga mellom Sandvikvåg og Halhjem er ikkje konstruerte for å tole vestlandsvêr, meiner Hans K. Mjelva, kommentator i BT. Høyr vekas episode av podkasten BT20.

FERJEFAST: Søndag fekk ei av ferjene motorstopp, og over 100 passasjerar måtte vente seks timar før dei kom i land. Foto: Eirik Brekke

  • Tonje Aursland
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel

Starten på året har vore eit mareritt for passasjerane som må kome seg over Bjørnefjorden. Kvar dag tek nesten 4000 passasjerar turen mellom Sandvikvåg og Halhjem.

Men etter at reiarlaget Torghatten Nord tok overtok drifta av sambandet, har det vore mykje trøbbel.

Berre dei første to vekene vart ferja forsinka 125 gonger. Kva er årsaka til alle problema og kven har eigentleg ansvaret for å ordne opp?

BT20: I vekas episode kan du høyre kommentator i BT, Hans K. Mjelva forklara årsaka til ferjekrisa. Her saman med programleiar-stand-in Tonje Aursland. Foto: Alice Bratshaug

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din podkast-app.

Produsent er Henrik Svanevik.

Publisert
  1. BT20
  2. Podkast
  3. Torghatten Nord
  4. Rederier
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. Her ligger fergene som skulle gått i Bjørnafjorden

  2. Ferge med 102 om bord fikk stans i Bjørnafjorden

  3. Kjører halvfulle ferger fra Halhjem

  4. – Fergene tilfredsstiller trolig ikke kravene

BT anbefaler

Dei gleda seg til faren skulle kome heim. Så blei han smitta av korona på sjukehuset.

Alt er annleis når det er eit koronadødsfall.