Slik førte ein hemmeleg naziplan til ein av dei største miljøfarane på Vestlandet

I 2003 blei eit krigsvrak med tonnevis av giftig og svært helsefarleg kvikksølv oppdaga utanfor Fedje. Her er heile historia om den tyske gift-ubåten.

Publisert Publisert

UBÅTPLANEN: Dette er ein ubåt i same klasse som U-864, som ligg utanfor Fedje. Bilete er teke i Frankrike i 1942. Foto: Vater/ Propagandakompanien der Wehrmacht/ Bundesarchiv

  • Ingvild Nave
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

60 tonn skadeleg kvikksølv kan framleis vere om bord i det tyske krigsvraket som ligg på havbotnen utanfor Fedje.

Det er enorme mengder.

Dersom nok lek ut av ubåten, kan gifta samle seg opp i menneske og dyr og skade nervar, nyrer og foster i magen.

Derfor har vraket skapt frykt for fiskeri, helse og framtid dei siste 15 åra.

Høyr heile historia om gift-ubåten på Fedje i vekas episode av BT20.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.

Lokalbefolkninga på Fedje vil ikkje ha det farlege kvikksølvet rett vest for øya si.

Dei har kjempa hardt for å heve vraket.

Problemet er at Kystverket meiner det er for risikabelt. Dei anbefaler å dekke til og forsegle kvikksølvet med sand.

Eit område på havbotnen som svarar til sju fotballbaner må dekkast.

Slik ligg vraket:

Politikarane har lovt å dekke til eller heve kvikksølvet i over ti år.

Fleire parti har sagt at dei vil heve vraket når dei sit i opposisjon og driv valkamp, men når dei får makta skjer det lite.

No lovar nok ei regjering å kome med eit svar på kva som skal skje med gift-ubåten.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (FrP) har sagt dei skal bestemme seg i løpet av året.

Folket på Fedje kjempa for heving av ubåten sidan vraket blei oppdaga. har Her er Margaret Storemark, Inger Steinsbø, Marie Karlsen, Lisbeth Stuberg. Anna-Marit Storemark og Reidun Moldøen får aksjonsgruppa på Fedje. Foto: Arkiv

Alle desse problema har oppstått på grunn av ein hemmeleg plan mellom Nazi-Tyskland og Japan for å vinne andre verdskrig.

Tyskarane skulle frakte kvikksølv som skulle brukast til våpenproduksjon til Asia.

NAZISTPLAN: Tyskland, med Adolf Hitler i spissen, ville hjelpe Japan med krigen i Stillehavet. Fleire ubåtar frakta derfor kvikksølv til dei, men ikkje alle kom fram. Foto: TT / NTB Scanpix

Men ferda for ubåten U-864 enda på havbotnen ved Fedje i staden.

Vi legg ut ein ny episode om dei viktigaste sakene på Vestlandet kvar torsdag. Produsent for podkasten er Henrik Svanevik.

Publisert

BT20

  1. INNENRIKS

    – Varsellampene har vært ekstremt mange. Noen må gå.

  2. LOKALT

    – Han provoserer bevisst folk på ytterste kjøttfløy

  3. LOKALT

    Noen av valgets største tapere dannet nytt byråd. Hvordan kunne det skje?

  4. LOKALT

    – Det er så riv, ruskande gale. Og potensielt livsfarleg.

  5. LOKALT

    Forvirret om Bybanen til Åsane? Hør BT20.

  6. LOKALT

    Dette vil Søviknes få på plass før han gir seg

Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
  1. BT20
  2. Fedje
  3. Andre verdenskrig
  4. Miljø
  5. Forurensing