60 tonn skadeleg kvikksølv kan framleis vere om bord i det tyske krigsvraket som ligg på havbotnen utanfor Fedje.

Det er enorme mengder.

Dersom nok lek ut av ubåten, kan gifta samle seg opp i menneske og dyr og skade nervar, nyrer og foster i magen.

Derfor har vraket skapt frykt for fiskeri, helse og framtid dei siste 15 åra.

Høyr heile historia om gift-ubåten på Fedje i vekas episode av BT20.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.

Lokalbefolkninga på Fedje vil ikkje ha det farlege kvikksølvet rett vest for øya si.

Dei har kjempa hardt for å heve vraket.

Problemet er at Kystverket meiner det er for risikabelt. Dei anbefaler å dekke til og forsegle kvikksølvet med sand.

Eit område på havbotnen som svarar til sju fotballbaner må dekkast.

Slik ligg vraket:

Politikarane har lovt å dekke til eller heve kvikksølvet i over ti år.

Fleire parti har sagt at dei vil heve vraket når dei sit i opposisjon og driv valkamp, men når dei får makta skjer det lite.

No lovar nok ei regjering å kome med eit svar på kva som skal skje med gift-ubåten.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (FrP) har sagt dei skal bestemme seg i løpet av året.

Folket på Fedje kjempa for heving av ubåten sidan vraket blei oppdaga. har Her er Margaret Storemark, Inger Steinsbø, Marie Karlsen, Lisbeth Stuberg. Anna-Marit Storemark og Reidun Moldøen får aksjonsgruppa på Fedje.
Arkiv

Alle desse problema har oppstått på grunn av ein hemmeleg plan mellom Nazi-Tyskland og Japan for å vinne andre verdskrig.

Tyskarane skulle frakte kvikksølv som skulle brukast til våpenproduksjon til Asia.

NAZISTPLAN: Tyskland, med Adolf Hitler i spissen, ville hjelpe Japan med krigen i Stillehavet. Fleire ubåtar frakta derfor kvikksølv til dei, men ikkje alle kom fram.
TT / NTB Scanpix

Men ferda for ubåten U-864 enda på havbotnen ved Fedje i staden.

Vi legg ut ein ny episode om dei viktigaste sakene på Vestlandet kvar torsdag. Produsent for podkasten er Henrik Svanevik.