Bergen + TV 2 = Sant?

I over 20 år har TV 2 trua med å flytte hovudkontoret frå Bergen fordi dei meiner det er for dyrt. Vil det skje?

I BERGEN SIDAN 1992: TV 2 hadde sine første sendingar frå Bergen i 1992. Politikarane ønska ei motvekt til det Oslo-sentrerte NRK og bestemte at kanalen måtte ha hovudkontor minst 10 mil utanfor Oslo. Adrian B. Søgnen

TV 2 og Bergen by har ein lang og komplisert historie.

Det er for dyrt å drive her, meiner tv-kanalen.

Derfor vil dei ha betalt for å bli.

Akkurat no forhandlar dei om å få 675 millionar av våre skattekroner i kompensasjon for ulempene Bergen og dei store endringar i tv-bransjen fører med seg.

Denne veka handlar BT20 om kampen for behalde tv-kanalen på Vestlandet.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.

Produsent for podkasten er Henrik Svanevik. Gjester i podkasten er kulturredaktør i BT, Frode Bjerkestrand og journalist Kjetil Gillesvik.