På 90-talet blei russituasjonen i Noreg verre, og heroin gjorde for alvor sitt inntog.

Talet på overdosedødsfall gjekk opp, og situasjonen var elendig for dei avhengige. Noko måtte gjerast.

Svaret blei metadonbehandling.

Denne vekas episode handlar om kva LAR-behandlinga har ført til. Kunne verkeleg metadon redde folk frå eit av verdas mest avhengigheitsskapande stoff?

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.

PARKEN: Nygårdsparken på toppen av Bergen sentrum blei sjølve symbolet på rusproblema i byen.
Odd Mehus

På 90-talet Bergen trudde ein at mellom 25 og 50 personar i byen kom til å trenge tilbodet.

Det faktiske talet viste seg raskt å vere langt høgare.

Ein av dei aller første pasientane var Jannicke Hodneland. Ho rusa seg for første gong som 13-åring, og hadde slite med avhengigheit i over 10 år då LAR kom.

PÅ FLASKE: Jannicke Hodneland har gått på LAR-behandling sidan starten i 1998. Kvar dag må ho drikke ein dose metadon.
Tor Høvik

No er ho 66 år, snart pensjonist og har gått på LAR i 20 år.

Ho er sliten, men har framleis eit håp om å sleppe metadonen som gir omfattande bivirkningar.

Ho er ein av over 7000 menneske som går på LAR i Noreg i dag. Framleis går talet oppover.

Heile historia om Jannicke og LAR-behandlinga i Noreg kan du høyre i BT20 denne veka, og lese i BTMagasinet laurdag.

Produsent for podkasten er Henrik Svanevik.

REDNINGSMIDDELET: LAR-medisinar sitt hovudformål er å ta knekken på suget etter heroin hos pasientane. Behandlinga er også avhengigheitsskapande.
Marita Aarekol