Syng KrF på siste vers?

Flørting med den politiske venstresida og eit homobryllaup kan koste KrF dyrt.

Publisert:

HOMOSTRID: Synet på homofili skapar stor splid i partiet. Mellom anna då partileiar Knut Arild Hareide gjekk i Pride-toget i 2016. Bendiksby, Terje / NTB Scanpix

Det er bråk i Kristleg Folkeparti.

Etter at familiepolitisk talsmann i partiet, Geir Bekkevold, via den lesbiske kommunikasjonssjefen i partiet har sinna stått i kok.

Kranglinga er blitt så høglydt at over 100 personar har snudd ryggen til og meldt seg ut i protest. Fleire lokallag i partiet meiner han må gå av som talsmann.

UTMELDINGAR: Mange har meldt seg ut av partiet etter at familiepolitisk talsmann i partiet, Geir Bekkevold, via den lesbiske kommunikasjonssjefen i partiet. KrF er i mot likekjønna ekteskap. Kallestad, Gorm / NTB Scanpix

Kanskje aller sintast er vestlendingane – skal landsdelen som fødte partiet, også gravleggje det under sperregrensa?

Høyr om KrF-striden i BT20 denne veka.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.

Gjest i vekas episode er Frøy Gudbrandsen.

Produsent for podkasten er Henrik Svanevik.

Publisert: