600.000 i bot til selskapet som skulle passa på Christer

Melås Helse hadde ansvar for å ta vare på Christer Fretheim Flem. Likevel forsvann han sporlaust. No har selskapet fått ei bot på 600.000 kroner.

Publisert Publisert

ALDRI FUNNEN: Christer Fretheim Flem var 37 år då han forsvann i Haukåsen i Sogndal i 2016. Foto: Privat

Forrige fredag ville årdølen Christer Fretheim Flem ha fylt 40 år. Men mannen med den sjeldne diagnosen Angelmans syndrom, forsvann i lause lufta på Haukåsen i Sogndal 9. mai 2016, sjølv om to tilsette frå Melås Helse AS skulle passa på han.

Han er aldri blitt funnen.

No må det private selskapet betala ei føretaksbot på 600.000 kroner.

– Eg er veldig letta. Det har vore lenge å venta. Dette har vore to veldig tunge år, seier Gro Charlotte Fretheim Sraidi, systera til Christer.

Les også

Les historia i BTMagasinet: Mannen som forsvann i lause lufta

– Eg er veldig fornøgd med straffa, som er veldig klar. Melås Helse gav ikkje Christer den helsehjelpa han skulle ha.

Aldri funnen

Christer Fretheim Flem hadde heilt spesielle behov. Han mangla språk, hadde høgt aktivitetsnivå, sat nesten aldri i ro, sov minimalt. Han kunne verka skremmande på andre menneske.

Til ei kvar tid skulle to personar passa på han. Melås Helse fekk det faglege og daglege ansvaret for det.

Årdal kommune betalte det private selskapet på Leikanger 9,2 millionar kroner i året for å gje Christer forsvarlege helsetenester. Likevel forsvann han sporlaust under gåturen på Haukåsen, sjølv om to Melås Helse-tilsette var med han.

No har Politimesteren i Vest sikta Melås Helse for brot på Helsepersonellova, og gitt selskapet ei føretaksbot på 600.000 kroner.

Mista kontrollen

I førelegget står det at det i lengre tid hadde utvikla seg ein praksis i Melås Helse, der tilsette var borte frå Flem og ikkje hadde han i syne på fleire minutt. Dette skjedde utan at dei med leiaransvar reagerte på, eller hadde kunnskap om, det som skjedde.

Melås Helse gjorde heller ikkje tilstrekkelege vurderingar av risiko, eller om praksisen var fagleg forsvarleg, ut frå Flems kognitive og fysiske funksjonsnivå.

Også tidlegare hadde tilsette mista kontrollen over Flem. Då måtte dei ut og leita etter han.

– Eg er veldig glad for at selskapet endeleg er straffa for å ikkje ta vare på Christer, seier systera Gro.

HER BUDDE CHRISTER: I Hovdavegen på Leikanger oppretta Melås Helse eit butiltak for Christer Fretheim Flem, og her skulle han få eit så meiningsfylt og godt liv som mogleg. Her er systera Gro Charlotte Fretheim Sraidi (til v.) og mora Ingeborg Flem tilbake i heimen etter at han forsvann. Foto: Marita Aarekol (arkiv)

– Vil leggja saka bak oss

Det er svært sjeldan helseføretak får så store førelegg som i dette tilfellet. Melås Helse har vedteke straffa.

– Sjølv om vi ikkje er samde om grunnlaget, ser vi det som greitt å legga saka bak oss og akseptera bota, seier Per Steinar Melås.

Han er ute av Melås Helse, men er den som uttalar seg på vegner av selskapet i denne saka.

– Kjem bota til å få konsekvensar for drifta av selskapet i framtida?

– Nei, det gjer det ikkje.

– Kva tankar gjer du deg om storleiken på bota?

– Eg ønskjer ikkje å gje ytterlegare kommentarar. Vi ønskjer som sagt å leggja dette bak oss, svarar Melås.

– Eg får ikkje fred

I juli i fjor konkluderte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane med at Melås Helse AS hadde brote lova på fleire punkt, og ikkje ytte forsvarlege helse- og omsorgstenester til Christer Fretheim Flem.

Eg legg meg heilt flat. Eit menneske er borte, sa Per Steinar Melås til BT då.

Mor til Christer, Ingeborg Flem, er glad for at selskapet tek på seg ansvaret.

– Men eg får ikkje fred før Christer er funnen, seier 77-åringen.

Publisert