Det vestlandske bompengeopprøret - er grensa nådd?

Heilt sidan 70-talet har Hordaland blitt kalla «bompengefylket». Er den nye bomringen dråpen i glaset som gjer at hordalendingane endeleg set ned foten?

Publisert Publisert
Leserne mener

Rasande protestar mot bompengar har spreidd seg over heile Vestlandet denne hausten.

I Bergen aleine skal folk betale heile 20 milliardar kroner i bompengar dei neste 20 åra.

Det har sett sinnene i kok.

PROTEST: I Bergen har aksjonsgruppa «Nok er nok» mellom anna hatt køyr-sakte-aksjonar mot sentrum for å vise si misnøye med dei nye bomstasjonane som kjem ved nyttår. Foto: Bjørn Erik Larsen

Bergen hadde faktisk den første bomringen i den vestlege verda, men kor lenge kan den overleve vreden til vestlendingane?

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.

Gjester denne veka er BT-journalistane Anders Haga og Pål Andreas Mæland. Dei har skrive hundrevis av saker om bompengar på Vestlandet.

Produsent er Henrik Svanevik.

Fredag 5. oktober inviterer BT til folkemøte om bompengar i Media City Bergen klokka 17.00. For meir informasjon, trykk her.

NB: I ein tidlegare versjon av saka sto det at folk i Bergen skal betale inn 11 milliardar kroner i bompengar dei neste 20 åra. Det er feil, og er no retta til 20 milliardar dei neste 20 åra.

Publisert