– Å få midlar til rassikring på Vestlandet er nesten som å vinne i Lotto. Løyvingane er for små.

Kampen om skredsikringskronene kan bli hard i det nye Vestland fylke. Høyr vekas episode av BT20.

RAS-PODKAST: Journalist Atle Andersson, programleiar Ingvild Nave og politisk kommentator Morten Myksvoll. Geir Martin Strande

Eit liv på Vestlandet er eit liv i rasfare.

Faktisk er 43 prosent av alle rasstrekningar i landet, samla i Hordaland og Sogn og Fjordane. Ni av dei ti mest rasfarlege strekningar ligg også her.

I dag er prislappen for å sikre oss minst 20 milliardar kroner, og truleg vil det talet auke i åra som kjem.

– Å få midlar til rassikring på Vestlandet er nesten som å vinne i Lotto. Løyvingane er for små, seier politisk kommentator Morten Myksvoll, som er med i panelet denne veka saman med BT-journalist Atle Andersson.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.