Her opererte Noregs einaste IS-dømte kvinne. Slik kjempa ho for det brutale kalifatet frå ei bygd på Vestlandet.

Høyr BT20 om den einsame IS-forkjemparen i Sogn og Fjordane.

NORDFJORDEID: I den vesle vestlandsbygda budde IS-kvinna medan ho planla å reise til Syria og gifte seg med ein krigar. Paul Sigve Amundsen/NTB Scanpix

For første gong i noregshistoria er ei kvinne dømt for å ha støtta terrorgruppa IS.

Frå hybelen sin i den idylliske bygda Nordfjordeid i Sogn og Fjordane kjempa ho ifølgje dommen for det brutale islamistiske kalifatet.

– Det var ein spesiell beskjed å få. Samtidig er ein er ikkje skjerma frå det som skjer i verda uansett om ein bur på ein stor eller liten plass, seier ordførar i kommunen, Alfred Bjørlo.

Denne veka handlar BT20 om korleis kvinna har operert som IS-forkjempar i ei vestlandsbygd, og kva som skal skje med dei som no rømmer frå restane av kalifatet og vil heim til Vesten.

– Oppgjeret mot IS-forkjemparane er så vidt byrja. Det er fleire kvinner i Syria som vil heim til Noreg. Denne saka viser at dei vil blir straffeforfulgt, fortel jurist og kommentator Eirin Eikefjord, som er gjest i BT20 denne veka.

BT presiserer: Ein tidlegare versjon av denne artikkelen var utstyrt med eit bilete frå hovudgata i Nordfjordeid. BT understrekar at bustadane på dette biletet ikkje har noko tilknyting til saka.

Jurist og kommentator i BT, Eirin Eikefjord, og programleiar Ingvild Nave. Alice Bratshaug