Det har vore ei rekke bitre målstridar i Bergen dei siste åra.

Eit eksempel er då Haukeland universitetssjukehus brukte millionar på å leggje om til nynorsk i 2012.

I år kom ei ny konflikt på bordet då fylkestinget bestemte at Bybanen også skulle leggje om til nynorsk.

Sinna sto i kok.

SPRÅKFEIDE: Nynorsk får sinna til å koke både i kommentarfelt og lesarinnlegg.
Arkiv

Denne veka handlar BT20 om språkkranglane i Bergen, og kvifor vi blir så engasjerte.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.

Gjest i vekas episode er kommentator i Bergens Tidende og nynorskmann, Morten Myksvoll.

Produsent for podkasten er Henrik Svanevik.

NB: I ein tidlegare versjon av artikkelen sto det at Arve Waage representerer Riksmålsforbundet. Det er feil. Han er representant for Bokmålsforbundet.

HEIT DEBATT: BT inviterte Arve Waage i Bokmålsforbundet og Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag til debatt om nynorsk på Bybanen. Temperaturen var høg.
Bjørn Erik Larsen