Politikken direkte

Festet innlegg
Grønt lys for gigantisk postterminal på Kokstad
22. juni kl 17:52av Ingvild Vereide Nave
DEL
Slik skal det sjå ut når Posten har bygt ut den nye terminalen. Foto: PLAN1/OPUS (Illustrasjon)

Posten ønskjer å samle terminalverksemda si på Kokstadflaten, i staden for at den er spreidd mellom Jekteviken og Mindemyren slik som i dag. Terminalen blir den største i regionen.

I tillegg skal dagens Bring-tomt i Jekteviken bli ein del av ein ny bydel på Dokken. Derfor hastar saka.

Byrådet kom i si innstilling med krav om at Posten berre skal ha parkering under bakken og i parkeringshus, og dessutan krav til klimautslepp, minst mogeleg asfalt og mest mogeleg grøntareal på tomta.

Posten sitt svar på krava var å true med å flytte frå heile tomta. Dei meinte parkeringskrava ville koste dei 100 millionar ekstra.

Bystyret sørga onsdag for å fjerne dette kravet. Diskusjonen handla i stor grad om naturinngrep vs. arbeidsplassar.

– Reguleringsplanen er krevande med tanke på naturområdene, men dette handlar om å frigjere områder på Dokken og behalde arbeidsplassar, sa byrådsleiar Roger Valhammer (Ap).

Området terminalen skal byggast på er i dag i stor grad grøntområde, mellom anna myr. Naturvernforbundet har protestert mot planane.

– Det er snakk om 300 arbeidsplassar og samfunnskritisk infrastruktur. Vi skal vere ein kommune som jobbar for å behalde arbeidsplassane vi har, og tiltrekke oss fleire, sa Charlotte Spurkeland (H).

Byrådspartiet MDG, som til og med har byutviklingsbyråden, ønska å sende planen tilbake for å finne mindre inngripande alternativ, noko bystyret sa nei til.

– Det fins mange, og sannsynlegvis, betre område. Dette er ei ekstremt vanskeleg sak for MDG. Det er store inngrep i naturområder, sa Joakim Myklebust (MDG).

teaser
3. juni
Truer med å skrinlegge gigantutbygging på Kokstad
Siste innlegg
Har du tips, eller lurer du på noe om valget? Vi vil gjerne høre fra deg!
Send inn
  • av Kjetil Gillesvik
    DEL
    Bybanen blir dyrere: Kommunen legger frem nye kostnadstall klokken 11
    Bybanen til Åsane blir dyrere. Foto: Jannica Luoto

    Byrådet fikk i onsdagens bystyremøte kraftig kritikk for ikke å ha informert dem om tilgjengelige kostnadstall for Bybanen i Åsane. Nå har plan- og bygningsetaten i Bergen kommune innkalt til pressekonferanse. Klokken 11 i dag presenteres de nye kostnadstallene.

    Etter det BT forstår er kostnadsøkningen betydelig. Forrige tilgjengelige kostnadstall stammer fra november 2020. Den gang lød totalsummen på 12,6 milliarder kroner.

  • av Ingvild Vereide Nave
    DEL
    «Havkvartalet» får ikkje Dokken-tomta dei ønska
    A-, B- og C-tomtene på Dokken. Foto: Bergen kommune (illustrasjon)

    I staden vedtok bystyret å tildele dei tomta merka med A i kartet over. Kvartalet der dei to skal halde til har blitt kalla «Havkvartalet». Grunnen til at dei i utgangspunktet ikkje vil ha A-tomta, er fordi den ligg nærare ein potensiell framtidig bybanetrasé.

    På grunn av laboratorieutstyr som er sårbart for vibrasjonar og elektromagnetisk stråling, kan ei bybane forbi bygget vere uheldig, meiner dei.

    Byrådet på si side peika på at C-tomta ikkje er ein del av containerhamna som etter planen skal flyttast til Ågotnes, og at å gå vidare med denne tomta kan føre til krav om erstatning av infrastruktur og skape trøbbel med Bergen havn.

    Det lytta til bystyret til. Vedtaket var einstemmig.

  • av Ingvild Vereide Nave
    DEL
    Bystyret sa ja til bomstasjonar på nye E16
    Byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG). Foto: Alice Bratshaug

    Onsdag sa både bergens- og fylkespolitikarane ja til bompengar for å delfinansiere ny E16 mellom Arna og Stanghelle.

    Forslaget kan bety tre nye bomstasjonar på dagens E16, og tre nye på hovudvegen som skal byggast mellom Arna og Stanghelle, om Vegvesenet følgjer planen dei har lagt fram.

    Strekket frå Arna til Trengereid skal etter planen opne i 2031. Då skal bompengeinnkrevjinga starte. Neste strekk, Trengereid–Stanghelle, kan opne i 2034.

    Bompengeinnkrevjinga skal truleg vare i 15 år. Det betyr at bomstasjonane først skal forsvinne i 2049.

    I denne perioden skal det krevjast inn 3,1 milliardar kroner.

    – Ordet bompengefinansiering gjer meg litt uvel. Trygge vegar er eit samfunnsansvar, sa gruppeleiar i Folkets parti, Cesilie Tveit, som meiner staten burde betalt alt.

  • DEL

    NAV er jo en statlig etat, i hvert fall den største og viktigste delen av etaten. Der har bystyret ikke noe de skulle ha sagt.

    Christian

    Hei, Christian!

    Det er eit godt poeng du har her. Både staten og kommunen eig Nav.

    Spesielt interessert kan lese meir om det her.

    Eg har spurt sosialbyråd Ruth Grung korleis ho skal løyse dette, no når bystyret krev lenger opningstid på Nav-kontora.

    Ho seier at staten og kommunen har eit partnarskap, og at dei saman må finne ei praktisk løysing, som også gjer at dei som treng tenester frå den statlege delen av Nav blir ivareteke. Ho trudde det skulle gå greitt å bli einige.

    Så får vi sjå kva fasiten blir. Tusen takk for meldinga di!

    av Ingvild Vereide Nave
  • av Bendik Nagel Støren
    DEL
    Stord får «praktskole» til en halv milliard
    Den nye videregående skolen på Stord blir plassert på Vabakkjen. Foto: Consto

    Fylkestinget har godkjent byggeplaner og vedtatt byggestart for en ny videregående skole på Stord.

    Skolen skal ligge på Vabakkjen sørvest for Leirvik sentrum, og skal stå ferdig i 2025.

    Prisen er 510 millioner kroner.

    Fylkesordfører Jon Askeland sier i en pressemelding at det blir en fremtidsrettet skole.

    – Skolen blir veldig kompakt med atrium og godt med dagslys, og vi får synliggjort yrkesfagene på en svært godt måte, sier han.

    Skolen skal huse 475 elever fordelt på 33 klasser. Bygget blir på to etasjer og til sammen 11.000 kvadratmeter.

    Byggestart er planlagt til januar neste år.

  • av Bendik Nagel Støren
    DEL
    Presenterer nye kostnadsanslag for Bybanen til Åsane torsdag
    Tarje Wanvik, direktør for Plan- og bygningsetaten, vil være til stede på pressekonferansen torsdag. Foto: Rune Sævig (arkiv)

    Plan- og bygningsetaten vil torsdag presentere oppdaterte anslag for hva det vil koste å bygge Bybanen til Åsane.

    Det går frem i en pressemelding fra Bergen kommune onsdag ettermiddag.

    Beregningene er del av det pågående reguleringsplanarbeidet for bybanens byggetrinn 5, heter det i meldingen.

    Det er gjort oppdaterte anslag for byggingen av banen, hovedsykkelruten og forlenget Fløyfjelltunnel mellom sentrum og Åsane.

    BT har tidligere skrevet om nye kostnadsestimater som skal ha blitt diskutert på et lukket møte med toppolitikere. Etter det BT kjenner til skal disse anslagene være høyere enn det som tidligere har blitt presentert.

    teaser
    21. juni
    Ny pris for Bybanen til Åsane holdes hemmelig
  • av Ingvild Vereide Nave, Kjetil Gillesvik
    DEL
    Går i klinsj med Vegvesenet: Sa ja til å dele opp Ringveg øst
    Bystyret vedtok å ta strekket frå Klauvaneset til Vågsbotn først, og vente med neste etappe til Asko i Arna. Vegvesenet vil ta begge samtidig. Foto: Bård Bøe (illustrasjon)

    I mai vedtok byrådet at dei ville gå inn for å dele opp Ringveg øst – det vil seie at dei vil spikre strekket frå Klauvaneset til Vågsbotn først, og vente med andre etappe vidare til Arna.

    Det vekte sterke reaksjonar frå Vegvesenet, som vil regulere begge etappane no.

    – Eg er både overraska og skuffa og saksgangen til Bergen kommune, sa avdelingsdirektør Kjartan Hove.

    Onsdag kom saka opp i bystyret.

    Trass i åtvaringane frå Vegvesenet støtta bystyret opp under byrådets forslag – takka vere Høgre, som sikra dei fleirtal.

    – Denne gongen må vi få på plass Nordhordlandstunnelen, sa Lise Hæreid Ramsøy (H), som la vekt på at heile Ringveg øst må byggast på sikt.

    Sp, SV og FP ville heller ha ein ringveg som går via Eikås. Dei meiner krysset det leggast opp til på Vågsbotn tek for mykje matjord.

    Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, seier til BT at vedtaket ikkje vil få konsekvensar for arbeidet med Vågsbotn-Klauvaneset, men at dei vil vurdere å be departementet om å køyre over bystyret slik at ein får vedteke ein trasé for heile strekket mellom Vågsbotn og Arna.

    – Med dette grepet er det meir sannsynleg at denne vegen aldri blir bygt, sa Marte Monstad (Frp) som meiner vedtaket er ein tabbe.

  • av Ingvild Vereide Nave
    DEL
    Bystyret krev at Nav-kontora må opne – og ha vanlege opningstider
    Diane Berbain (SV) på talarstolen under bystyremøtet onsdag. Foto: Alice Bratshaug

    SV fekk i bystyret onsdag fleirtal for at Nav-kontora må opne, og ha vanlege opningstider.

    Diane Berbain (SV) har fremja forslaget ei rekker gongar, og fekk i dag med seg H, R, Sp, Frp og fem uavhengige som sikra fleirtal.

    Mellom anna har mange Nav-kontor hatt avgrensa opningstider eller vore stengt grunna pandemien.

    Tillitsvalde i Nav har tidlegare slått alarm om opningstidene, og frykta det vil skape større avstand mellom dei og brukarane som treng tenestene Nav skal yte.

    – I Bergen kommune har ei rekke forvaltningsrevisjonsrapportar undersøkt om tenestene våre var forsvarlege for sårbare grupper under krisa. Rapportane viser at nedstenginga av sosiale tenester førte til at de ikkje fekk det tilbodet dei har lovfesta rett til, seier Berbain.

    teaser
    14. oktober 2020
    Nav vil stenge fire av fem kundemottak i Bergen. – Slår beina under de aller svakeste.
  • av Ingvild Vereide Nave, Tord Magnus Dyrkorn
    DEL
    No blir det ulovleg å køyre vasskuter i Nordåsvatnet – med eitt unntak
    Saka om vasskuterfobod i Nordåsvatnet var oppe i bystyret onsdag. Foto: Bjørn Erik Larsen(arkiv)

    Bystyret bestemte onsdag at det skal bli nesten forbode å køyre vasskuter i Nordåsvatnet.

    I tillegg set forskrifta fartsgrenser for småbåtar i ei rekke vågar og fjordar i kommunen.

    Bryt du dei nye reglane, kan du få bot.

    – Det er for mykje uveteleg bruk og stadige ulukker som vi ikkje berre kan sitje i ro og sjå på, sa Geir Steinar Dale (Ap).

    Ap, KrF og Venstre foreslo likevel til eit unntak for bebuarane langs vatnet.

    – Vi ser at det er nokre utfordringar. Derfor ønskjer vi å gje unntak slik at dei kan ta skuteren til og frå eigedommar og ut av Nordåsvatnet, sa Dale.

    Byrådskameraten MDG ville ikkje vere med på unntaket, og sto på totalforbodet. Unntaket fekk likevel fekk fleirtal med hjelp frå opposisjonen.

    – Ein kan godt mislike eller irritere seg over enkelte fartøy, men å ende opp med eit forbod er litt dramatisk, sa Didrik Fasmer (H), som stemte i mot totalforbodet.

Publisert
  1. Politikken direkte
  2. Direkte