Politikken direkte

Festet innlegg
MDG støtter kjernekraft
26. mars 2021 kl 15:50av NTB
DEL
Cattenom kjernekraftverk ved Thionville i Frankrike, fotografert i 2015. Foto: Stein J. Bjørge / Aftenposten (arkiv)

MDGs landsmøte har vedtatt at partiet skal støtte moderne kjernekraft.

Spørsmålet om atomkraft skapte diskusjon på det digitale landsmøtet fredag, etter et forslag fra Møre og Romsdal MDG.

Til slutt gikk et knapt flertall på 103 mot 97 delegater inn for å ta inn et nytt punkt om kjernekraft i MDGs partiprogram, mot programkomiteens anbefaling.

Vedtaket fastslår at MDG «mener at moderne kjernekraftteknologi har en viktig rolle i det grønne skiftet».

Videre vises det til at kjernekraft har en stor rolle å spille som stabiliserende kraftkilde i framtidas globale energimiks.

«Moderne reaktorteknologi er like sikker som andre energikilder, produserer svært lite radioaktivt avfall og avgir ikke råstoff som kan brukes til atomvåpenproduksjon. Vi vil derfor opprettholde og videreutvikle Norges miljøer innenfor utdanning og forskning på moderne atomreaktorteknologi», erklæres det.

Siste innlegg
Har du tips, eller lurer du på noe om valget? Vi vil gjerne høre fra deg!
Send inn
  • av NTB, Hanna Torsdotter Husabø
    DEL
    UiB får 125 ekstra studieplasser til ukrainske flyktninger
    Foto: Tuva Åserud (arkiv)

    Flyktningstrømmen fra Ukraina fører til at norske høyskoler og universiteter oppretter 1000 ekstra studieplasser.

    Plassene blir fordelt landet rundt. NTNU får flest, med 140 studieplasser, mens universitetene i Bergen og Oslo får henholdsvis 125 og 100.

    I tillegg til får syv universitetene, syv vitenskapelige høyskoler og seks høyskoler ekstra studieplasser.

    For å hjelpe ukrainske flyktninger inn i norsk høyere utdanning endrer regjeringen også opptaksreglene.

    – Vi vil foreslå å justere opptaksregelverket for denne gruppen. Det vil gi universiteter, høyskoler og fagskoler mest mulig fleksibilitet til å vurdere den enkelte søknad for opptak til neste studieår, sier forsknings- og høyere utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).

  • av Ingvild Vereide Nave
    DEL
    Vil endre namn på fem bybanestopp
    Fylkeskommunen vil endre namnet på fem av bybanestoppa i Bergen. Foto: Hedvig Idås

    Vestland fylkeskommune vil døype om fem av bybanestoppa mellom sentrum og Flesland.

    Endringane kjem grunna opninga av den nye bybanelina til Fyllingsdalen, og målet er å gjere namna meir intuitive for brukarane.

    Her er endringane dei vil gjere:

    • Nonneseter skal bli til Jernbanestasjonen
    • Bystasjonen blir til Bergen busstasjon
    • Nesttun blir til Nesttun terminal
    • Lagunen blir til Lagunen terminal
    • Birkelandsskiftet blir til Birkelandsskiftet terminal

    Fylkeskommunen ønskjer å gjere namna enklare å skjønne for dei som berre er på besøk i Bergen. Ordet «terminal» er til dømes lagt til for å vise at det er eit bytepunkt.

    Dei har vore i kontakt med Språkrådet i saka, som peikar på at det er viktig å involvere historielag og liknande når det gjeld namneendringa på Nonneseter, sidan det er eit historisk namn, står det i sakspapira.

    – Det har vore viktig for Bergen at det blei «Jernbanestasjonen» og ikkje «Bergen stasjon», og det har vi sagt ifrå om til fylket, seier byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG).

    I 2017 blei det stor misnøye i Bergen fordi Bane NOR festa eit skilt der det sto «Bergen stasjon» på jernbanestasjonen. Etter kraftige protestar gav dei til slutt opp, og tok ned skiltet.

    Fylkeskommunen har teke omsyn innspelet frå Bergen når dei no skal sende dei nye namneforslaga ut på høyring.

  • av Tore Andre Kjetland Fjeldsbø
    DEL
    Ingen sommarstenging av Torget og Bryggen i 2022
    Byråd for klima, miljø og byutvikling, Thor Håkon Bakke, får ikkje finansiering for sommerstenging av Torget og Bryggen sommaren 2022. Foto: Tuva Åserud

    Bystyret seier nei til sommarstenging av Torget og Bryggen i 2022.

    Grunnen er mellom anna at næringslivet ikkje ønskjer stenging, og at prøveordninga har vore finansiert av fylkeskommunale pengar Bergen ikkje får i år.

    – Det er verken fagleg eller politisk interesse hjå fylkeskommunen for tiltaket, sa byutviklingsbyråd Thor Håkon Bakke (MDG).

    Det at privatbilar ikkje har fått køyre over Bryggen om sommaren har mellom anna ført til problem med at bilar køyrer feil, og auka trafikk i Lille Øvregaten.

    Allereie i mars blei det varsla at stenginga ikkje ville bli noko av i år.

    SVs Andreas Madsen Berg peikte på at det er uheldig at ein ikkje får prøvd ordninga i eit år som ikkje er prega av pandemi og tiltak.

    – Hadde dette vore ein viktig sak for byrådet, hadde ein klart å løyse dette med finansiering, sa han.

  • av Ingvild Vereide Nave
    DEL
    Bystyret seier ja til 600 nye bustadar på Minde
    Den gamle meieritomta på Minde skal bli ny. Tysdag vedtok bystyret reguleringsplanen for det nye prosjektet Bergensmeieriet. Foto: Rune Sævig (arkiv)

    Bystyret seier ja til reguleringsplanen som skal realisere Bonava sine planar om 600 nye bustadar på Minde.

    Prosjektet blir kalla Bergensmeieriet. På tomta låg mellom anna det gamle meieriet på Minde.

    Byggestart er venta i 2023. Når prosjektet er ferdig skal det også vere uteområde, butikkar og restaurantar i området.

    Bygningane er planlagt å vere på mellom fem og åtte etasjar.

    – Måten dei har tenkt å løyse dette som eit bilfritt bumiljø, med nærleik til kollektiv, er ein god plan, sa leiar for byutviklingsutvalet i bystyret, Geir Steinar Dale (Ap).

    – Det er gledeleg å levere ei sak som vekker entusiasme, sa byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) etter lovord frå fleire parti i salen.

    Reguleringsplanen blei samrøystes vedteke.

    teaser
    23. juni 2021
    Her legges det nye bybanesporet. Rundt det kommer det en helt ny bydel.
  • av Tore Andre Kjetland Fjeldsbø
    DEL
    Byråd Per-Arne Larsen måtte svare på kvifor ein ikkje har klart å halde taket på tre skip dagen
    Byråd Per-Arne Larsen. Foto: Tuva Åserud

    Høgres Henning Warloe viste til BTs sak om at det låg fire cruiseskip til hamn i Bergen den 19. mai. Det trass i at byrådets gjeldande politikk var eit makstak på tre skip dagleg.

    I saka kom det fram at byrådet allereie i 2018 var klar over at deira eiget vedtak om å avgrense tal på skip til tre kvar dag kunne vere vanskeleg på enkelte dagar.

    Warloe stilte byråd for finans, næring og eigedom, Per-Arne Hvidsten Larsen, spørsmål om kvifor ein ikkje har informert bystyret når ein visste at ein ikkje kunne følgje sitt eige vedtak om maks tre cruiseskip. Vidare lurte Warloe på kva som ligg bak at Bergen havn seier at dei gjer sine eigne vurderingar når det kjem til tal cruiseskip i hamn i Bergen.

    Per-Arne Larsen viser til at heile problemstillinga som Warloe visar til med at ein ikkje kunne avgrense tal skip kvar dag låg innbakt i vedtaket.

    – På det tidspunktet visste vi at vi ikkje hadde dei rette verkemidla for å oppnå våre eigne målsetjingar om tre skip for dagen. Vi hadde ikkje lovverket med oss. Samtidig har vi i veldig stor grad nådd målet vårt gjennom dialog med cruisenæringa som i stor grad justerer seg etter kva krav vi stiller.

    – Bakgrunnen for Bergen havn si avgjerd om eit fjerde skip var at det til saman var rundt 1300–1400 passasjerar om bord i dei fire skipa. Eg har ein forventning om at Bergen hamn ikkje gjør desse vurderingane på «gefylen», men samtidig har eg forståing for kvifor dei gjorde som dei gjorde.

  • av Ingvild Vereide Nave
    DEL
    No kan det bli fleire cruiseanløp til Bergen
    Bystyret har vedteke å auke talet på anløp frå tre til fire for dag, så lenge det fjerde kan ligge på landstraum. Foto: Eirik Brekke

    Trass i at fleire av byrådspartia før valet programfesta at dei ikkje skulle auke talet på anløp, og at MDG si bystyregruppe nekta å støtte forslaget frå sitt eige byråd, blei auken vedteke i bystyret tysdag.

    Dermed har bystyret no gitt grønt lys for fire cruiseanløp pr. dag, i staden for tre, som har vore maksgrensa sidan 2018. Det fjerde skipet må vere kopla til landstraum.

    Maksgrensa på 8000 passasjerar pr. døgn blir ståande som før.

    Det Ap-leia byrådet måtte sjå til høgresida for å sikre fleirtal i saka.

    Ap, V, KrF, H, FP, Sp, Frp og dei uavhengige representantane Nilsen, Woldseth og Scott stemte for å heve grensa på anløp.

  • av Tore Andre Kjetland Fjeldsbø
    DEL
    Foreløpig ingen løsning på tilbudet om akuttovernatting for tilreisende i Bergen
    Byråd Ruth Grung sier de jobber på spreng med å finne et alternativt sted for Kirkens Bymisjon.

    Diane Alexandra Berbain (SV) stilte spørsmål til byråd for arbeid, sosial og bolig, Ruth Grung, om hva hun vil gjøre for å ta ansvar for overnattingstilbudet for tilreisende som oppholder seg i Bergen.

    Tilbudet som Kirkens Bymisjon gir til blant annet rumenerne som kommer til Bergen, blir lagt ned som følge av at de ikke lenger får fornyet sin leieavtale. Slik det ser ut i dag må Kirkens Bymisjon ut av lokalene 1. juni.

    – Vi jobber dag og natt med å finne en løsning, og har også utfordret kirkene til å se om vi kan finne en løsning, sier byråden.

    Grung sier at de har sett på en rekke forskjellige tiltak, blant annet i form av å ta i bruk båter og brakker, men så langt har de ikke lykkes med å få til en løsning.

    – Vi har prøvd det meste, men Kirkens Bymisjon ønsker seg noe som er litt mer permanent, og det har de gitt klart uttrykk for også. Men når nøden er der og 1. juni nærmer seg, så blir vi nok nødt til å ta i bruk et midlertidig tiltak, slik situasjonen er nå.

    Byråden sier videre at den løsningen som er mest lavthengende er å finne en eiendom der de kan regulere om fra kontorbygg til boligformål, og få en dispensasjon.

    – Vi jobber intenst, og vi ser også på muligheten for å lokalisere det utenfor gangavstand til sentrum, slik Kirkens Bymisjon har ønsket seg. Men det er altså de som sitter på midlene.

  • av Ingvild Vereide Nave
    DEL
    Rusreform-bråk i byrådet: – Vi er svært skuffa over Venstre
    Gruppeleiar i KrF, Håkon Pettersen, er skuffa over at samarbeidspartnar Venstre legg fram forslag om å innføre lokal rusreform i Bergen. Foto: Tuva Åserud

    Det er bråk i byrådskontora.

    Tysdag la Venstre fram forslag om å gjere som Oslo, og innføre så mykje som mogeleg av rusreforma Stortinget sa nei til.

    Eit sentralt punkt var mellom anna avkriminalisering av mindre mengder narkotika til eige bruk.

    Byrådskamerat KrF reagerer kraftig på framlegget.

    – Vi er svært skuffa over at Venstre fremjar dette forslaget utan dei vanlege avklaringane mellom samarbeidspartia, seier gruppeleiar i KrF, Håkon Pettersen.

    KrF er i mot rusreforma, mellom anna fordi dei meiner den ikkje svarte godt nok på kva ei generell avkriminalisering ville bety for unges bruk av rusmiddel.

    – Dette bryt med alle mogelege vanlege køyrereglar for politisk samarbeid, ikkje minst i saker der partia er ueinige, seier Pettersen som framlegget frå Venstre.

  • av Tore Andre Kjetland Fjeldsbø
    DEL
    Må bruke 4,8 millionar på psykisk helse innan året er omme
    Byråd, Ruth Grung, har 4,8 millionar som må brukast på psykisk helse innan 2022.

    Grethe Line Simonsen (V) stiller spørsmål til byråd for arbeid, sosial og bustad om kva Bergen kommune skal gjere med 4,8 millionar kronar øyremerkja psykisk helse. Dei må brukast innan året.

    Særleg peikar Simonsen på ROS-ordninga som har måtte kutte i fleire tilsette som følgje av nasjonale kutt.

    – Det er riktig at Bergen kommune har mottatt 4,8 millionar som må brukast innan året på psykisk helsehjelp. Vi har fått innspel frå våre eigne, og har også mogelegheit å gi til andre. Vi skal sjå gjennom dette slik at vi får mest mogeleg ut av midlane, seier byråd for arbeid, sosial og bustad, Ruth Grung (AP).

    Ho visar vidare til at dei helst skulle fått ein forsikring om fleire pengar over tid, då det å overvinne psykisk helse er ein samansett utfordring som ikkje kan løysast innan utgangen av året.

    – Vi håpar i den reviderte behandlinga av statsbudsjettet vil føre til fleire pengar, då ROS leverer eit godt og viktig tilbod, seier byråden.

  • av Ingvild Vereide Nave
    DEL
    Venstre trossar KrF: Legg fram forslag om lokal rusreform
    August Simonsen (V). Foto: Tuva Åserud

    August Simonsen (V) la tysdag fram eit representantforslag om å gjennomføre ein lokal rusreform i Bergen.

    Oslo har allereie vedteke at dei lokalt vil gjennomføre så mykje som mogeleg av rusreforma Stortinget vraka. Eit sentralt punkt var mellom anna at mindre mengder narkotika ikkje skulle vere straffbart.

    Venstre sit i byråd, men der sit dei saman med KrF som er i mot ein lokal rusreform. Dermed står partia i kraftig opposisjon til kvarandre i denne saka, trass i at dei styrer byen saman.

    I forslaget ønskjer mellom anna Venstre at Bergen kommune og politiet skal starte eit pilotprosjekt for å finne alternative reaksjonar til straff for dei som blir tekne med narkotika til eige bruk, i tillegg til å sørgje for lett tilgang til helsehjelp.

    Dersom kommunen og politiet ikkje blir einige, meiner Venstre at bystyret skal søke nasjonale myndigheiter om å innføre så mykje som mogeleg av rusreforma lokalt i Bergen.

Publisert
BT anbefaler

Her kommer en ny «bydel». – Blir slik man typisk ser i Oslo.

– Vi er overlykkelige, sier utviklingsdirektør Jørgen Madsen i Bonava.

LES SAKEN
  1. Politikken direkte
  2. Direkte