KORT FORTALT

Slik blir det billigare for deg å handle klede på nett

Og: Lite skredsikring på vestlandsvegane. Litt ekstra i lommeboka for småbarnsforeldre. Statsbudsjettets mest omdiskuterte småpengar.

Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

God budsjettmåndag! 💸

💰 I dag la regjeringa fram statsbudsjettet. På slike dagar blir det alltid ekstremt mykje informasjon, så her er ein Kort fortalt-spesial der eg forklarer nokre av dei aller viktigaste nyheitene.

⌚ Du treng tre og eit halvt minutt for å lese alt – inkludert eit bonusspor.

1. Difor blir det lettare å kjøpe frå utanlandske butikkar

Bjørn Erik Larsen

Frå neste år blir det dyrare å kjøpe småting frå utlandet på nett. Den såkalla 350-kronersgrensa blir fjerna. No må du betale moms uansett.

Men samtidig blir kleskjøp billigare. Regjeringa fjernar nemleg tollen på alle klede opptil 3000 kroner.

Kvifor er dette viktig? Nordmenn handlar mykje frå utanlandske butikkar på nett. No vil mange av desse kjøpa bli billigare og enklare. Norske butikkar må likevel betale toll når dei importerer dei same varene til sine butikkar.

Kva betyr det eigentleg for deg? La oss seie at du skal kjøpe ein genser til 400 kroner frå ein utanlandsk butikk.

  • Fram til no har du måtta betale både moms og toll på denne. Dette har i alt komme på rundt 150 kroner.
  • Til neste år slepp du å betale toll. Det blir ein reduksjon på rundt 50 kroner. I tillegg slepp du å betale tollgebyr. Postens gebyr har vore på 158 kroner. I alt sparer du rundt 200 kroner på den nye reglane.

Kort forklart: Dei fleste av oss handlar nok flest klesplagg som kostar mellom 350 og 3000 kroner. Dermed gjer dei nye reglane det fleire hundre kroner billigare å kjøpe klede frå utlandet.

Men, men, men: For norske butikkar er dette dårleg nytt. Dei må betale toll når dei importerer klede og tekstil. Dermed blir det billigare for kundane å kjøpe same klesplagg i utanlandske nettbutikkar enn i ein norsk.

  • Konkurransevriding, meiner interesseorganisasjonen Virke. Dei meiner at også bedrifter bør kunne importere klede og tekstilar tollfritt.

2. Kva skjer med rasvegane?

Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

Ingen pengar til store, nye rassikringsprosjekt. Det er fasiten for Statens vegvesen på Vestlandet sin del av budsjettet for 2020.

  • Ja, men: Fleire nye tunnelar er allereie undervegs. Det store arbeidet med å oppgradere mylderet av tunnelar held også fram. I 2020 står mellom anna Sætretunnelen, Bjørkhaugtunnelen, Lærdalstunnelen, Eidsvågtunnelen, Damsgårdstunnelen og Nygårdstunnelen for tur.

3. Du får meir pengar for å ha barn

Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix

Barnetrygda aukar med 300 kroner i månaden inntil barnet er seks år. Foreldre med småbarn vil dermed få utbetalt 1354 kroner i månaden heretter.

  • Samtidig aukar maksprisen i barnehage med 95 kroner i månaden. Det vil seie at dei fleste foreldre i realiteten sit igjen med 205 kroner ekstra i månaden pr. barn.

Likevel: Foreldre med låg inntekt kan få redusert kostnaden for barnehage. Auken i barnetrygda kjem altså særleg desse foreldra til gode.

4. Difor skapar 1,8 millionar kroner veldig mykje bråk

Stein Bjørge, Aftenposten (arkiv)

Organisasjonen Human Rights Service og Hege Storhaug får behalde 1,8 millionar kroner i statleg støtte. Ikkje mykje i eit budsjett på over 1000 milliardar, seier du? Likevel er det få budsjettpostar som skapar meir diskusjon.

Kvifor? HRS er sterkt kritisk til innvandring og islam, og driv nettstaden rights.no. Regjeringspartia er mildt sagt ueinige i spørsmålet om denne verksemda bør vere støtta av staten.

  • På den eine sida: Både Venstre, KrF og fleire Høgre-politikarar vil fjerne støtta til det Unge Høgre-leiaren tidlegare i år omtalte som statsfinansiert rasisme.
  • På den andre sida: Då Høgres Jan Tore Sanner i fjor i det stille prøvde å fjerne HRS frå statsbudsjettet, vart det ramaskrik i Frp. I år passa partiet på at den omstridde posten var på plass frå starten.

Men, men, men: Etter bråket i fjor fekk ei rekke andre organisasjonar støtte for å «vege opp for» pengane til HRS. Fleire av desse, som bergenske Fargespill, får behalde desse pengane og på budsjettet for 2020.

Bonus: Slik går det etter valet

Tuva Åserud (arkiv)

Eg har jo lova å fortelle deg kven som vann valet. No er ordførarar på plass i alle kommunar i Vestland – med unntak av to: På Askøy og i Bergen held forhandlingane framleis på.

  • Siste signal frå Askøy er at dei nærmar seg eit resultat der Høgres Siv Høgtun truleg blir ordførar.
  • I Bergen har Roger Valhammer framleis vel tre veker på seg til å få ein avtale på plass. 30. oktober skal det nye bystyret velje ordførar, varaordførar og komitéleiarar.