KORT FORTALT

Slik blir det krangling dei neste fire åra

Og: Så sterkt meiner partia eigentleg om Bryggen-banen. Tre funfacts om ordførarar. Berre kaos på Askøy.

Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

God fredag! Eg lova å kome tilbake når eg hadde betre svar på kven som eigentleg har vunne valet, og kva det betyr.

Siste nytt frå Bergen er at fem parti vil prøve å danne byråd. Dagens Kort fortalt er ei oppdatering på kva som har skjedd siste veka.

⏱ Det tar tre og eit halvt minutt å lese til botnen.

PS: Vil du ha Kort fortalt rett i innboksen? Meld deg på her.

1. Difor blir det meir krangling i Bergen dei neste fire åra

Tuva Åserud (arkiv)

Elleve dagar etter valet er det klart at Arbeidarpartiet, SV, MDG, Venstre og KrF skal prøve å danne byråd i Bergen. Men enno har dei ikkje forhandla om viktige posisjonar og konfliktfylte saker.

  • Det som er sikkert er at Bergen får eit mindretalsbyråd.

Kvifor er det viktig? Det betyr at dei fem partia som truleg hamnar i byråd ikkje har fleirtal, og må bli einige med eitt eller fleire andre parti i kvar bidige sak dei vil ha gjennom. Det vil med andre ord bli mykje meir diskusjon i bergenspolitikken enn dei siste åra.

  • I eit mindretalsbyråd kan me risikere at partia som står utanfor byrådet samlar seg om ei sak, og stemmer ned byrådet.

Kva betyr det i praksis? Den siste veka har Høgre, Frp, bompengepartiet og Senterpartiet funne ut at dei er einige om fleire saker.

  • Dei kan få fleirtal i det nye bystyret saman med Pensjonistpartiet og Raudt.
  • Det er ein lang veg politisk frå Frp til Raudt, men alle er einige om at Bybanen ikkje skal gå over Bryggen.

2. Dette meiner partia eigentleg om Bybanen

Bjørn Erik Larsen

Fleire har etterlyst ei tydeleg oversikt over kva dei ulike partia eigentleg meiner om Bybanen og Bryggen:

  • Arbeidarpartiet: Vil eigentleg legge Bybanen i tunnel gjennom sentrum, men forhandla saka vekk for fire år sidan. Vil no ikkje ha omkamp.
  • KrF: Har i årevis kjempa for å legge Bybanen over Bryggen. Men politikarar har i det siste uttalt ting som: «Det står ikkje i Bibelen at Bybanen skal gå over Bryggen».
  • Venstre: Står heilt fast på å legge Bybanen over Bryggen, og har ikkje lempa på dette kravet etter valet.
  • SV: Sto heilt fast på Bybanen over Bryggen, men sa i førre veke at det også finst andre saker å forhandle om.
  • Miljøpartiet de Grønne: Vil i utgangspunktet ha Bybanen i tunnel, men ønskjer no ingen omkamp.
  • Raudt: Vil la Bybanen gå i tunnel gjennom sentrum, men stiller ikkje ultimatum om dette.
  • Senterpartiet: Står fast på å legge banen i tunnel, og forlèt samtalane med Arbeidarpartiet og resten fordi dei ikkje vil forhandle om dette.
  • Høgre: Vil legge Bybanen i tunnel. Har opna for å utsette bygginga.
  • Frp: Vil ikkje bygge Bybanen mot Åsane, med mindre staten betaler. I så fall skal den ikkje gå over Bryggen.
  • Bompengepartiet: Meiner det same som Frp.
  • Pensjonistpartiet: Vil ikkje ha Bybanen over Bryggen, og vil sette åsanebanen på vent.

3. Desse skal styre i Vestland

39 av 43 ordførarar i Vestland er no klare, og me byrjar å sjå nokre klare trendar:

  • Senterpartiet ligg an til å bli vinnaren. Dei er det einaste partiet som får fleire kommunar å styre enn i førre periode.
  • Ap og Høgre har så langt nesten halvert talet på ordførarar dei hadde i førre periode.
  • Berre seks av ordførarane så langt er kvinner. 33 er menn. Dette er ein endå meir ujamn kjønnsbalanse enn i førre fireårsperiode.

4. Desse svara har me fått – og dette ventar me enno på

Tor Høvik (arkiv)

For ei veke sidan peikte eg ut nokre kommunar eg syntest det var verd å følgje med på etter valet. I to av dei er makta no fordelt – medan den siste framleis heng i lufta.

  • I Bjørnafjorden må Terje Søviknes finne noko nytt å gjere etter 20 år som ordførar.
  • I Kinn, også kalla Norges raraste kommune, sto frontane steilt mellom parti som er for og mot kommunesamanslåinga. Kommunen får no ein ja-ordførar frå Arbeidarpartiet og ein nei-varaordførar frå Senterpartiet.
  • På Askøy forhandlar fem parti: Høgre, Frp, KrF, Senterpartiet og Pensjonistpartiet. Til saman er dei eitt mandat unna fleirtal i kommunestyret og vil helst også ha Venstre med på laget. Eit resultat kan framleis vere veker unna.

Denne saka er oppdatert etter publisering, då det fredag ettermiddag blei klart at Ap, MDG, SV, KrF og Venstre var einige om å gå i byrådsforhandlingar i Bergen.