KORT FORTALT

Dette veit me om valresultata

Sp på vippen «overalt». Bompengepartiet sto løpet ut. Søviknes må på friarferd. Sjokkval i fleire kommunar.

Paul S. Amundsen

Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

God valnatt! Og for ein kveld det har vore så langt! ⚡

Resultata renn framleis inn, men eg har rydda litt i det som er klart til no.

Viss du berre skal lese ei sak for å samanfatte valkvelden, er dette saka for deg. Du treng under to minutt for å bli heilt oppdatert.

PS: Aller siste nytt om valresultata får du i vårt valgstudio her.

1. Bompengepartiet gjer eit brakval

Paul Sigve Amundsen

Trym Aafløy og Folkeaksjonen nei til mer bompenger har i kveld skrive seg inn i norsk politisk historie. Eit drygt år etter partiet blei stifta, har det fått rundt kvar sjette stemme i Norges nest største by.

Men, men, men: Stemmene skal fintellast, likevel ser det natt til tysdag ut som fleirtalet glapp for høgresida i Bergen. Det betyr at sjølv om dei gjorde eit brakval har bompengepartiet ingen dei kan forhandle med. Ikkje ein gong med Senterpartiet på laget klarar dei å stable eit byrådsfleirtal på beina.

Kva no: Det ser dermed ut til at Arbeidarpartiet vil styre Bergen vidare. Dei kan skaffe fleirtal saman med MDG, SV, KrF, Venstre og Senterpartiet.

2. Søviknes gjer eit godt val, men kan likevel miste makta

Marita Aarekol

Terje Søviknes og Frp får over 30 prosent i Bjørnafjorden kommune. Saman med Høgre har dei nesten fleirtal.

  • Men nesten er ikkje nok.

Kva no? No er Søviknes avhengig av eit ekstra støtteparti for å behalde makta. Han har berre ein sjanse, for berre Senterpartiet har halde døra på gløtt.

Likevel: Dette er Søviknes’ sjette kommuneval der han og Frp får over 30 prosent. Det sjølv om Os denne gongen er slått saman med Fusa.

3. Dette er truleg Vestlands første ordførar

Fred Ivar Utsi Klemetsen

Jon Askeland frå Senterpartiet kan etter alt å dømme bli førstemann til å ta på seg ordførarkjeda for nye Vestland fylke.

  • Samanslåinga har feid ein grøn vind frå Sogn og Fjordane sørover mot Hordaland, og Senterpartiet gjer eit sterkt val.

Kva betyr det? På både høgre- og venstresida i fylkestinget er det mogeleg å danne fleirtal ut frå valresultatet så langt. Men: Begge sider er avhengige av å få Senterpartiet med på laget for å få det til.

Kva no? Jon Askeland har flagga heilt tydeleg at han er klar for å bli fylkesordførar – og at han er villig til å ofre dagens samarbeid med Ap for å få viljen sin. Forhandlingar i dagane som kjem vil avgjere kven han snur seg til.

4. Sjokkval over heile linja

Medan Arbeidarpartiet og Høgre går på eit stort nederlag, markerer protestpartia seg sterkt i mange kommunar:

  • Pensjonistpartiet med Turid Krogh Sveen i spissen, er inne i bystyret i Bergen ifølgje førehandsstemmene.
  • Pensjonistpartiet er også inne på fylkestinget i Vestland, ifølgje resultata så langt.
  • Folkeaksjonen nei til mer bompenger er største parti i nye Alver kommune.
  • Askøylisten gjer eit stort hopp i Askøy.
  • MDG gjer eit godt val i Bergen.