KORT FORTALT

Kvifor blir me aldri, aldri, aldri ferdige med Bybanen over Bryggen?

Og: Vil ha nattopen barnehage. Frp-show i Os. Bestefar hylla som helt etter terrorforsøk.

Publisert:
Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

God måndag. Du les no min første nyhetsbrif frå valkampen. Kvar dag vel eg ut dei fire sakene frå nyheitene eg synest er mest interessante.

⏰Dårleg tid? Du treng under tre minutt for å lese til botnen.

1. Difor får me ein ny omkamp om Bybanen over Bryggen

ILLUSTRASJON: Asplan Viak

Bybanen skal gå over Bryggen. Det er eigentleg bestemt. No vil Høgre likevel ha omkamp – for tredje gong.

  • Eigentleg er det berre tre parti som vil ha Bybanen over Bryggen: KrF, Venstre og SV. Akkurat no ligg dei an til å få til saman 14,5 prosent av stemmene i Bergen. Det er veldig lite, så kvifor er dette i det heile tatt ei sak?
  • Jo, fordi Venstre og KrF er på vippen. Så langt er både venstre- og høgresida avhengige av eitt av partia for å få makta. For fire år sidan gav Arbeidarpartiet dei to vippepartia sigeren i bybanesaka for å sikre seg makt.

Men, men, men: Bergensarar flest vil ha Bybanen i tunnel. Dette veit Høgre, og så lenge gravinga ikkje er byrja kan politikarane ombestemme seg.

Bli klokare: Jokeren bompengepartiet gjer at dette valet ligg an til å bli det jamnaste på tiår, og det er heilt ope kven som vil få fleirtal.

  • Dermed må Høgre ta mindre omsyn til potensielle samarbeidspartnarar, og berre konsentrere seg om å bli størst mogeleg.
  • Når dei opnar for omkamp om Bybanen, håpar dei å tiltrekke seg veljarar som følte seg svikta for fire år sidan.

2. La ungen overnatte i barnehagen? 👶

Sjå for deg at familien er ferdig med middagen og det nærmar seg leggetid. Då er det på tide å gå i barnehagen. Sånn vil i alle fall Venstre at kvardagen for turnusarbeidarar i Bergen skal kunne bli.

  • På den eine sida: I dag finst det ingen barnehagar i Bergen som er opne før 06.30, eller etter 17.00. Det rimar ikkje med arbeidstida til mange foreldre. I Sverige er kvelds- og nattopne barnehagar vanleg.
  • På den andre sida: Barnehagar skal ha eit pedagogisk tilbod, ikkje berre vere ein plass for oppbevaring, påpeikar fleire andre parti.

Ja, men: Det er ingen grunn til å tru at det blir nattopen barnehage med det første, sidan forslaget får så lite støtte frå andre parti.

3. Mykje står på spel for Frp og Søviknes

Foto: Silje Katrine Robinson

Frp-sirkus med pølser og Kjell-Elvis tok over Os i helga, då Frp kickstarta valkampen i sin viktigaste kommune.

Dette er status: Frp gjer det dårleg for tida. Det lovar ikkje godt, for også valet for fire år sidan var ein nedtur.

Kvifor er det så viktig? Frp har hatt makta i Os i 20 år. Ordførar Terje Søviknes er nettopp blitt nestleiar i partiet, og vil nok unngå nederlag på heimebane.

Søviknes er bortskjemt med gode valresultat. No prøver han seg for sjette gong, men vegen mot attval er ikkje like strak som før:

  • Os og Fusa blir til Bjørnefjorden kommune ved nyttår. Dei skal for første gong ha felles val, og i Fusa har Senterpartiet og Arbeidarpartiet tidlegare gjort det langt betre enn Frp.
  • Uro og sinne blant tilsette i Os kommune tyder også på at enkelte har fått nok etter 20 år med Frp-styre. Tilsette seier politikarar er blitt maktarrogante, og Søviknes har måtta beklage på vegner av partifellar.

4. «Bestefar» blei helten etter moskéangrep

Foto: Terje Pedersen, NTB SCANPIX

Ein mann med fleire våpen brasa inn i moskeen i Bærum i helga. Angriparen blei kontant stoppa av Mohammed Rafiq (65), kjent som «bestefar» i forsamlinga.

  • Væpna politi heldt vakt utanfor eid-feiringa i Haukelandshallen i går. – Eg er bekymra for muslimhatet i Norge, sa ordførar Marte Mjøs Persen då ho talte.

Kva no: Muslimhat og rasisme er blitt tema i valkampen, men det er enno tidleg å seie kor dominerande det blir.

Publisert: