KORT FORTALT

Har Trym Aafløy nådd formtoppen for tidleg, eller held han heilt inn?

Og: Finn din politikar-sjelevenn. Blei Aafløy knust av Siv Jensen? Lovar 5000 kroner til alle bergensbarn.

Publisert:
Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

Det er tysdag. Her er dei fire sakene eg syns er mest interessante i dag.

⏰Dårleg tid? Du treng berre to minutt for å lese til botnen.

1. Dette er teikna på at bompengesuksessen vil vare heilt til valet

Foto: Alice Bratshaug

Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) kom frå ingenting – og tok av som ein rakett. Kan dei falle like raskt igjen?

Kort fortalt: Den store oppsvingen for FNB kom etter at dei nye bomstasjonane var på plass. Mange trudde kanskje suksessen ville bli kortvarig, men framleis vil over 20 prosent av bergensarane stemme på dei.

Kva no? Fleire teikn tyder på at partiet kan gjere eit godt val:

  • Dei fleste av FNBs tilhengjarar stemte faktisk ved førre val. Det aukar sjansen for at dei vil gjere det i år også.
  • Partiet har også brei støtte i folket, påpeikar meiningsmålingsekspert Johan Giertsen. Dei har stor støtte blant både menn og kvinner, rike og fattige, og i dei fleste aldersgrupper.
  • Trass i ein liten nedgang førre veke har FNB hatt over 20 prosent på målingane i fire månader no.

Og dessutan: BT har spurt folk om kor viktig bompengesaka er for dei i dette valet. Blant FNB sine veljarar svarer 95 prosent at saka er svært eller ganske viktig.

  • Dette er enno eit teikn på at dei meiner alvor når dei seier at FNB får stemma deira i år.

2. I tvil om kva du skal stemme? Hjelpa er her.

Foto: Illustrasjon: Philipp Bock

Kan du støtte ein byrådsleiar som likar ananas på pizza? I år har me gjort ting litt annleis i BTs valgomat for Bergen. Her får du vite kva politikar du matchar best med.

  • Ein slags politisk Tinder, rett og slett. ❤

3. Avliving eller duellsiger?

Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix

Det offisielle avsparket for valkampen er alltid ein partileiardebatt. I år lét NRK Trym Aafløy frå Folkeaksjonen nei til mer bompenger vere med ei lita stund, sjølv om partiet ikkje sit på Stortinget.

Kvifor er det viktig? Ved å få delta blir FNB anerkjent som eit parti ein må ta på alvor i valet.

Kort sagt: Aafløy møtte Frps Siv Jensen til duell, og meiningane om korleis han klarte seg sprikar.

  • Siv Jensen avliva Aafløy, var retorikkekspert Kjell Terje Ringdals konklusjon.
  • Min kollega Jens Kihl meiner derimot Aafløy vann duellen «ved å hamre laus mot ‘den fordømte bommen’».

Men, men, men: Siv Jensen kan ha tapt på å prøve å latterleggjere Aafløy, meiner fleire aviskommentatorar.

4: Har du barn? Her, ta 5000 kroner frå kommunen og dei💰

Foto: Berit Roald, NTB SCANPIX (arkiv)

Valkamp er tid for å opne pengesekken. I går lova KrF å gi alle barn mellom 6 og 18 år i Bergen 5000 kroner i form av eit fritidskort.

  • På den eine sida: KrF meiner kortet vil gi fleire unge sjansen til å delta i organiserte fritidsaktivitetar – og dermed redusere forskjellar.
  • På den andre sida: For lite målretta pengebruk, meiner SV. Dei vil heller auke sosialhjelpssatsane, slik at dei som har minst, lettare kan planlegge økonomien sin.
Publisert: