KORT FORTALT

Slik kan MDG stikke kjeppar i hjula for bompengepartiet

Og: Opptur for Askøys bauta under vasskrisa. Difor er terroren ekstra vanskeleg for Frp. Vår nye valpodd er ute!

Publisert:
Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

God onsdag! Her i BT gler me oss til ny partimåling for Bergen i morgon. Medan me ventar, har eg fire andre interessante saker.

🏃 Dårleg tid? Det tar deg berre to og eit halvt minutt å lese til botnen.

1: Difor er bompengepartiet og MDG godt nytt for kvarandre

Foto: Bjørn Erik Larsen

Veljarane som går til Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) skapar store problem for dei andre partia i Bergen. Men for Miljøpartiet De Grønne (MDG) betyr bompengemotstanden at dei får profilert seg.

Kvifor er det viktig? I eit val der bompengepartiet ser ut til å bli den store vinnaren, kan ei sterk venstreside likevel sørge for at partiet sit igjen utan makt og påverknad. Her kan MDG bli viktig.

Dette har skjedd: MDG har lenge gjort det under middels i Bergen. Tre av fire politikarar som blei stemt inn i bystyret førre val, har no meldt seg ut. Partiet har fått lite gjennomslag og låg dårleg an på målingar – inntil nyleg.

sist BT-måling fekk MDG sju prosent. Dei er det einaste partiet som held på dei aller fleste veljarane sine frå førre val, og er det einaste partiet som ikkje tapar veljarar til bompengelista.

Ironisk nok kan bompengelista stå bak noko av MDGs sterke resultat:

  • MDG er det einaste partiet som heilhjarta forsvarar bomringen, fordi dei meiner det hjelper å få ned biltrafikken. For dei veljarane som vil hindre bompengepartiet å kome til makta, blir MDG det tydelegaste alternativet.
  • På andre sida kan MDGs kjærleik for bomringen provosere fram fleire stemmer til bompengelista. Kven treng vener når ein har slike fiendar.

Kva no? Det einaste alternativet til eit byråd med bompengepartiet, er eitt styrt av Ap med støtte frå mange andre parti på både venstresida og i sentrum. I eit slikt scenario vil MDG vere eit parti som dei fleste andre kan samarbeide med.

2. Dagens tal: 10 prosent

Bård Espelid frå Askøylisten vart Askøys mest populære mann på grunn av måten han handterte vasskrisa på øya før sommarferien.

  • No får partiet hans ti prosent på ei fersk partimåling gjort for BA. Det er eit kjempehopp samanlikna med ei tilsvarande måling før krisa. Det store biletet er at Ap og Høgre taper, og protestparti veks i kommunen.

3: Difor er terroren ekstra vanskeleg for Frp

Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix

Terror og muslimhat pregar valkampopninga. Det er særleg utfordrande for Frp, som blir konfrontert med enkelte medlemmers tidlegare utspel.

Kvifor er det viktig: Frp har mista mange veljarar til bompengepartiet. Då blir det ekstra viktig for dei å minne kjerneveljarane om at det er Frp som er garantist for ein streng innvandringspolitikk. Samtidig må dei unngå å støyte frå seg andre potensielle veljarar.

  • På den eine sida: Partileiar Siv Jensen har lova at ho ikkje vil vike ein tomme i innvandringsspørsmålet. Ho vil heller ikkje slutte å bruke ordet snikislamisering.
  • På den andre sida: Jensen har denne veka trassa partiets tidlegare formann Carl I. Hagen, som meiner det er heilt greitt å både vere medlem av Frp og organisasjonen Stopp islamiseringen av Norge (Sian). Det er uaktuelt, slo partileiaren fast.

4: Dagens pod-anbefaling

Foto: Ingvild Nave

Regjeringa kan ryke dersom Frps valresultat endar i nærleiken av det målingane viser no. Det spår BT-kollegaer Jens Kihl, Frøy Gudbrandsen og Morten Myksvoll i ein ny valpodkast.

Frp får rekordlåge 6,8 prosent på ei rykande fersk nasjonal måling gjort for Aftenposten og NRK. I Bergen ligg dei endå dårlegare an.

Publisert: