KORT FORTALT

Her vil MDG forby bilkøyring

Og: Vasskrisa har heilt klart påverka Askøy-politikken. Nye klimaprotestar i morgon. Hevdar eldre døyr åleine i Frps glansbilete-sjukeheim.

Vegar Valde

Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

God torsdag i regnet! ☔ Her er fire saker eg synest er interessante i dag.

Det tar deg knappe to og eit halvt minutt å lese til botnen.

PS: I morgon inviterer BT til debatt om eit av valkampens heitaste tema: Bybanen. Verd ein tur til byn!

1. Slik vil han kaste bilen ut av Bergen sentrum 🚗

I Oslo har byrådet med MDG stengt fleire gater for bilar, fjerna tusenvis av gratis parkeringsplassar og laga sykkelvegar.

Dei har fått valdstrugslar, men også rekordoppslutnad.

No vil MDG, med Thor Haakon Bakke i spissen, følgje same oppskrift i Bergen.

Kvifor er det viktig? MDG ligg an til å gjere eit godt val i Bergen, truleg som ein reaksjon på bompengeopprøret. MDG kan hamne i byråd, og få langt meir innverknad på byutviklinga i Bergen.

MDGs forslag er:

  • Forby bilkøyring mellom Bystasjonen og teateret, Vaskerelven og Bryggen. Det skal vere unntak for nyttetrafikk og folk med funksjonshemming.
  • Innføre 30-sone på alle kommunale vegar.
  • Ikkje redusere bompengesatsane for andre bilar enn elbilar.

Kan det faktisk skje? SV, Raudt og Venstre skriv også i programma at dei ønskjer eit bilfritt sentrum. Alle desse og MDG er trulege samarbeidspartnarar for eit Ap-styrt byråd.

På den andre sida: Høgre, Frp og bompengepartiet har alle programfesta at dei vil gjere det enklare å parkere i Bergen sentrum. Dei fryktar butikkdød dersom det blir vanskelegare å køyre bil til sentrum.

2. Slik har krisa påverka Askøy

Eirik Brekke

To dødsfall og meir enn to månader utan brukbart drikkevatn for tusenvis av askøyværingar. Dette har vore opptakten til valet i Askøy.

Ei ny måling viser tydeleg at krisa har hatt ein effekt på kva folk vil stemme:

  • Askøylista med Bård Espelid i spissen låg an til å forsvinne ut på ei måling dagen før vasskrisa ramma. Så blei han kommunens talsperson, noko han fekk mykje skryt for. No får Espelid 11 prosent og kan fort bli ordførar.
  • Arbeidarpartiet går kraftig tilbake. Dei har den noverande ordføraren Terje Mathiassen, som har fått refs for ikkje å vere synleg medan krisa var på sitt mest intense.
  • Bompengepartiet er halvert sidan juni. Bompengesaka kan ha blitt overskygga av vassforsyninga. I tillegg er det avslørt at deira fjerdekandidat på Askøy kalla statsminister Erna Solberg «landsmorder» på Facebook.

3. Nye klimaprotestar i morgon

Mary Altaffer, AP/NTB Scanpix

Klimaopprør og bompengeopprør har vore ytterpunkta i denne valkampen.

Fredag blir det nye demonstrasjonar for klimaet. Først skulestreik, deretter kjem dei vaksne for å delta på «klimabrølet».

Meininga med begge aksjonane er å oppfordre politikarane til å gjere større tiltak mot klimaendringar.

  • I vår blei det arrangert fleire klimastreikar, både for vaksne og unge. På det første store arrangementet i mars møtte fleire tusen ungdommar opp. I går kom den første skulestreikaren, Greta Thunberg, fram til New York etter to veker i seglbåt over Atlanterhavet. Ho skal delta på FNs klimakonferanse.

4. Tilsette slår alarm om prestisje-sjukeheim i Os

Silje Katrine Robinson (arkiv)

Eldre som døyr åleine, feilmedisinering, manglande reinhald og vakter med berre assistentar på jobb. Slik skildrar tilsette forholda ved Luranetunet omsorgssenter i Os, i intervju med Klassekampen.

  • Siv Jensen, Terje Søviknes og Kjell Elvis opna årets valkamp på nettopp Luranetunet. Sjukeheimen med eigen tropehage har vore sjølve biletet på Frps suksess i Os. Kritikken kjem samstundes som partiet møter uvant motstand på målingane i nye Bjørnafjorden kommune.