KORT FORTALT

Ho kan bli jokeren som avgjer valet i Bergen

Og: Søviknes mistar grepet om Os. Bør barn få utsette skulestart? Ordførar seier han blei dolka i ryggen.

Illustrasjon: Vegar Valde

Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

Endeleg fredag! Her er fire korte saker før du tar helg.

🏃 Dårleg tid? I dag treng du berre to minutt for å lese til botnen.

Og hugs: Har du lyst til å få dette rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrevet her.

1: Turid kan sikre Høgre makta

Møt Turid Krogh Sveen. Denne vekas store overrasking. På BTs siste måling får 68-åringen og Pensjonistpartiet plass i bystyret.

Kvifor er det viktig? Det ligg an til å bli tidenes protestval i Bergen. Bompengepartiet har herja målingane i månadsvis. No dukkar Pensjonistpartiet opp. Skulle siste BT-måling bli valresultatet, vil dei, bompengepartiet, Frp og Høgre ha fleirtal.

  • Bergensveljarane ser i år ut til å forlate store parti som Arbeidarpartiet og Høgre og spreie seg utover mange småparti. Dersom Pensjonistpartiet kjem inn i bystyret, blir dei parti nummer elleve. Det blir nødvendig med samarbeid mellom mange parti for å kunne styre byen etter valet.

Kven skulle trudd: Støtta til Pensjonistpartiet er størst blant unge. Ifølgje våre bakgrunnstal er det flest bergensarar under 45 som seier dei skal stemme Pensjonistpartiet.

Eit stort men: Pensjonistpartiet bør ikkje sprette portvinen heilt enno. Ei partimåling vil alltid vere usikker, fordi ein berre spør eit utval. Resultata har difor eit slingringsmonn. I dette tilfellet er det så stort at Pensjonistpartiet like gjerne kan ende opp nær null prosent.

  • Så lenge Pensjonistpartiet berre har gjort det godt på ei måling, må me ta det med ein god neve salt.

2. Dagens tal:

Måndag skreiv eg om Søviknes sin kamp for å halde på makta i nye Bjørnefjorden kommune. I går kom BA med ei fersk måling, og for ein kamp det ser ut til å bli!

  • Frp får 27,3 prosent. Det er ein kjempenedtur for Søviknes, som er vant med resultat opp mot 40 prosent.

3: Gutar heng etter på skulen. Korleis skal me fikse det?

Paul S. Amundsen

I dag har spente små bergensarar sin aller første skuledag. For nokre av dei, spesielt blant gutane, vil dei neste åra by på mange nederlag.

Kvifor er det viktig? I snitt vil gutane gå ut med dårlegare karakterar enn jentene. Færre av dei vil fullføre vidaregåande skule. I verste fall fører det til at dei fell utanfor arbeidslivet før dei i det heile får starta.

  • Skulestarten kan særleg bli tung for gutar som er fødd seint på året. No opnar regjeringa for at kommunar kan teste å la dei starte litt seinare. Høgre vil melde Bergen frivillig som forsøkskanin.

Bakgrunn: Fleksibel skulestart sto på lista til eit ekspertutval som tidlegare i år foreslo ei lang liste tiltak for å jamne ut kjønnsforskjellar i skulen. Ingen av forslaga er så langt sett ut i livet.

4: Skuldar varaordførar for å dolke han i ryggen

Fred Ivar Utsi Klemetsen

Peder Sjo Slettebø er ordførar i Kvinnherad, men overraska alle ved å takke nei til attval. No seier Høgre-politikaren til NRK at det er varaordføraren og konkurrent frå Senterpartiet som er årsaka.

  • Slettebø seier varaordførar Hans Inge Myrvold i fleire saker først gav inntrykk av å vere på hans side, men seinare snudde seg mot han. Varaordføraren avviser skuldingane.
  • No må Slettebø kanskje overlate ordførarkjeda til rivalen. På siste lokale måling var Senterpartiet den store vinnaren.

BT rettar: I ei tidlegare utgåve av denne artikkelen sto det i første punkt at støtta til bompengepartiet er størst blant unge. Det er no retta til at støtta til Pensjonistpartiet er størst blant unge.