Seks spørsmål og svar om DAB

Onsdag blir FM-nettet sløkt i Hordaland og Sogn og Fjordane. Her er det du må vite.

Publisert:

NYE RADIOTIDER: Med ein adapter kan den gamle radioen ta inn DAB-signal. Utan blir apparatet forelda 21. juni. Foto: Rune Sævig

Kjersti Mjør
Journalist i BT

1. FM-nettet er godt nok for meg. Kva er vitsen med DAB?

Kronargumentet er meir innhald til fleire. Med DAB går Noreg frå fem riksdekkjande kanalar til 30. Innhaldet kan skreddarsyast til ulike lyttargrupper, og NRK sine radiokanalar skal få like god distribusjon i distrikta som i byene.

2. Kvifor ikkje ha både FM og DAB?

Det er blitt trangt om plassen på FM-nettet. Dessutan nærmar dette nettet seg slutten av si tekniske levetid, ifølgje NRK, og å fortsetje å sende på FM vil krevje omfattande investeringar. Med andre ord: DAB og FM blir for dyrt.

3. Må eg skrote den gamle FM-radioen og kjøpe ny?

Ikkje nødvendigvis. Svært mange gamle radioar, også klenodium, kan oppgraderast med ein DAB-adapter. Dei finst både til heime- og bilradioar. Start med å sjekka om apparatet har inngang for eksterne lydkjelder, gjerne ein AUX- eller Line in-inngang. Då skal det vera enkelt å setja på ein adapter eller omformar. Har gamleradioen ikkje slik inngang, kan andre pluggar eller meir heimelaga løysingar som bananpluggar, fungere. Verdt eit forsøk!

4. Kva med bilradioen – korleis velje rett DAB-utstyr der?

Mange bilistar sit på gjerdet og ventar. Ifølgje NAF manglar framleis kring to millionar bilar DAB, og det er ein nokså uoversiktleg marknad av løysingar å velja mellom. Den beste og mest trafikksikre løysinga er integrert radio. Ulempa er prisen, som fort kan kome opp i 10.000 eller meir, opplyser NAF. Det er eit stort utval av DAB-adapterar for bil, og det er smart å lesa forbrukartestar før du handlar. I prinsippet skal du kunne montera desse sjølv, men det kan vera enklare sagt enn gjort. Å streame radio på mobilen er billegare, men hugs at det ikkje er lov å tasta på mobilen og skifta kanalar medan du køyrer.

5. Er eg sikra DAB-dekning på hytta, der eg verkeleg treng siste nytt om ver og føre?

Vel, NRK seier at dei vil strekkje seg langt for å sikre at folk får best mogeleg dekning i hytteområda, og NRK byggjer framleis ut DAB-sendarnettet. Likevel vil det vere ein del hytter som ikkje kan ta inn DAB, heller ikkje i framtida. Hytter med TV-mottak vil kunne ta inn radio via fjernsynsapparatet. Du kan også prøva med antenne på hyttetaket for å optimalisera mottaket. Når digitalovergangen er gjennomført i 2019, skal NRK gå gjennom den endelege hyttedekninga og vurdera om det er område som bør få betre dekning.

6. Dersom eg investerer i ny DAB-radio, hiv eg den gamle, ok?

Kjøper du ny radio, må du levera den gamle til retur. Hugs, dette er elektrisk eller elektronisk avfall, som inneheld miljøgifter. Levér den gamle inn på butikken der du kjøper ny radio – eller på andre butikkar som sel elektriske produkt. Kommunale gjenvinningsstasjonar tek også imot!

Publisert: