Så lite får han gjort med bompengane

Sjølv om Folkeaksjonen nei til mer bompenger skulle gjere reint bord i valet, må bergensarane likevel betale elleve milliardar kroner i bompengar.

HINDRINGAR: Trym Aafløy, leiar for Folkeaksjonen nei til mer bompenger i Bergen, møter fleire hindringar på vegen mot å redusere bompengane i byen. Rune Stølås (illustrasjon)

Bompengar skakar bergenspolitikken. Kvar femte bergensar seier no at dei vil stemme på Folkeaksjonen nei til mer bompenger i valet i haust.

Partiet går mellom anna til val på:

  • Å vesentleg redusere bompengetaksten.
  • Å avvikle 15 nye bomstasjonar.
  • Å stoppe vidare bybaneutbygging, og at bompengar berre skal gå til å bygge veg.

Men kor mykje kan bompengepartiet klare å få til dersom dei kjem til makta?

Svaret er at sjølv om bompengepartiet skulle få reint fleirtal i Bergen etter valet (det vil seie at dei kan styre utan innblanding frå andre parti), ville dei ikkje utan vidare klare å gjere massive endringar i bomringen.

Her er nokre grunnar.

1. Bomringen har stor gjeld

Grafen over viser kva inntektene frå bomstasjonane i Bergen skal brukast på. Den aller største posten heiter rentekostnader og låneavdrag, og kjem av at bomringen i Bergen har ei gjeld på 5,27 milliardar kroner.

Denne er bygd opp over tid. Mellom anna betaler bergensarar framleis for nye Ringveg Vest, tunnelane mellom Bergen Vest og Kokstad.

Den gjelda må betalast med renter. I alt vil det koste rundt 7,5 milliardar kroner.

2. Bybanen mot Fyllingsdalen er komen for langt

Desse bileta blei delt på Facebook første veka i mai, og viser at entreprenøren allereie har byrja å sprengje ut tunnel på bybanetraseen mot Fyllingsdalen.

Heile prosjektet skal koste rundt 6,6 milliardar kroner. Halvparten av denne rekninga skal staten ta, resten skal bompengar dekke.

Staten har allereie spytta inn 1,3 milliardar i banen til Fyllingsdalen. Å stoppe bygginga no vil gjere at store summar går til spille. Etter alt å dømme blir difor dette prosjektet fullført.

I tillegg kjem kostnadene ved å drive bomstasjonane.

Rekninga som blir sendt til bilistane er då på 11 milliardar kroner, og den er det ikkje mogeleg å kome seg unna.

Dette er likevel mindre enn dei 20 milliardane som politikarane i dag har vedteke at bilistane i Bergen skal betale.

Men for å få til reduksjonen, må alle framtidige prosjekt i byen stoppast. Dette gjeld bybanen til Åsane, men også ny Ringveg Øst mot Nordhordland og gang- og sykkelvegar.

Viss politikarane vil ofre dette, er det truleg mogeleg å redusere bompengane i Bergen.

3. Politikarane i Bergen kan ikkje gjere kva dei vil

STERK MOTSTAND: Demonstrantar ønskjer å gravlegge bomringen i Bergen. Det er enklare sagt enn gjort. Bård Bøe (arkiv)

Når det er sagt, kan ikkje lokalpolitikarar i Bergen gjere endringar åleine. Bergen kommune har nemleg gjort avtalar dei ikkje utan vidare kjem seg ut av.

I 2017 vedtok Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og staten ein byvekstavtale. Denne seier at biltrafikken i Bergen ikkje skal auke. For å få det til skal det byggast eit betre kollektivtilbod, gang- og sykkelveg.

Staten lova å vere med å betale. Fylkeskommunen betaler også noko. Resten skal bilistar i Bergen dekke gjennom bompenger.

Grafen under viser kor mykje kvar av dei bidreg med.

Bompengeordninga blei vedteken i Stortinget. Det er her det står at bilistane i Bergen skal betale 20 milliardar kroner dei neste 20 åra.

Dersom Folkeaksjonen nei til mer bompenger vil endre på dette, må dei først få med seg politikarane i Hordaland fylkeskommune på å droppe alle framtidige prosjekt.

Så må dette etter alt å dømme godkjennast i Stortinget.

Dersom fylkeskommunen eller staten set seg på bakbeina, vil det eigentleg ikkje vere mogeleg å gjere noko. Uansett vil det vere ein lang og tidkrevjande prosess å få det til.

4. Pengane kan truleg ikkje brukast på veg

IKKJE TIL DETTE: Bompengar i Bergen skal berre brukast på tiltak som ikkje aukar biltrafikk. Elias Dahlen (arkiv)

Nøyaktig korleis staten vil reagere om politikarane i Bergen gjer endringar i bomringen, veit me ikkje. Samferdselsdepartementet har nekta å svare BT på spørsmål til denne saka fordi dei meiner problemstillinga er hypotetisk.

Men det me veit, er at statens lovnader om å betale store summar til samferdsel i Bergen berre gjeld så lenge bergenspolitikarane held sin lovnad om inntekter frå bomringen. Sviktar desse, har staten rett til å trekke seg. Då vil også pengane deira forsvinne.

Eit anna forslag frå Folkeaksjonen nei til mer bompenger er at bompengane i Bergen skal gå til veg, heller enn kollektivtilbod.

Men premissen for avtalen med staten er at biltrafikken i byen ikkje skal vekse. Bompengane skal berre gå til tiltak som ikkje aukar biltrafikk. Ein ny og fin veg vil fort ha motsett effekt.

Dersom denne premissen blir brote, kan staten trekke seg frå avtalen. Igjen vil store pengesummar forsvinne.

Kjelder: Byvekstavtalen, Stortingsproposisjon 11 s, Statens vegvesen, Miljøløftet ved sekretariatsleder Solveig Paule og forskar ved Transportøkonomisk institutt, Anders Tønnessen.