KORT FORTALT

Når bergenske tradisjonar er truga, står politikarane i kø for å ordne opp

Og: Skal Bergen avvise cruiseskip? Ingen folk ved valbuene. Får kjeft for å feste på bilistanes rekning.

Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

God tysdag! Her er dagens fire korte saker.

⌛ Dårleg tid? I dag treng du to og eit halvt minutt for å lese til botnen.

Likar du Kort fortalt? Del denne artikkelen med ein ven! 👆

1. Alt ordnar seg når ting berre er bergensk nok

Bård Bøe (arkiv)

Ei sak i sommar fekk politikarane i Bergen til å hive seg rundt: Avsløringa om at pølsebua Trekroneren har stått ulovleg i 70 år.

Innan timar etter at saka var publisert, hadde politikarar frå ulike parti slått fast at Trekroneren skulle reddast – uansett kva problemet var.

Kvifor så ivrige? Ein blir ikkje populær om ein tullar med bergenske tradisjonar. Det veit politikarane, det var ganske tydeleg i saka om Trekroneren:

  • – Politisk er det heilt uaktuelt at Trekroneren skal rivast under dette byrådet, sa byråd Rune Bakervik (Ap) og la til: – Det er ein institusjon.
  • Høgres Charlotte Spurkeland svarte slik då ho blei spurt om det var greitt å drive pølsebu utan løyve: – Trekroneren er ein institusjon.

No kjem det fram at Trekroneren berre betaler vel 13.000 kroner i årleg leige. Dei sel pølser for rundt sju millionar kroner i året.

Pølsebua står heller ikkje på den tomta dei faktisk leiger av kommunen.

Vanlegvis må journalistar mase og vente for å få svar på spørsmåla våre frå politikarar. Det er sjeldan at dei ringer oss uoppfordra.

  • Men det skjedde også tidlegare i år, då Forsvaret ville slutte å fyre av salutt frå Skansen på nasjonaldagen i Bergen.
  • Same kveld ringde forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) til BTs tipstelefon for å seie at det ikkje blei aktuelt. Han hadde hatt ein samtale med statsminister og bergensar Erna Solberg. – Dette fiksar me, var beskjeden frå regjeringa.

2: Bergen sentrum – for turistar eller bergensarar?

Bjørn Erik Larsen (arkiv)

Over ein halv million cruiseturistar er innom Bergen kvart år. Bryggen får så mykje besøk at kulturarven står i fare for å bli øydelagd. Utelivet fortel om ein delt by der halvparten ligg død om sommaren, medan resten er stappfull.

  • På den eine sida: Turistane er velkomne, seier Høgre, så lenge skipa blir kopla til landstraum, turistane legg igjen meir pengar i byen og blir spreidd meir utover.
  • På den andre sida: Arbeidarpartiet vil setje grensa ved tre skip og 8000 passasjerar i byen kvar dag. Dei vil også at passasjerane skal betale cruiseskatt på 80 kroner døgeret.
  • På den tredje sida: Dette held ikkje, meiner Miljøpartiet De Grønne. Dei vil ha slutt på all cruisetrafikk til Bergen.

Dykk djupare: Sjå partia i debatt om cruiseturismen – på eit cruiseskip.

3: Dagens bilde

Eirik Brekke

Vått, grått og ganske folketomt. Slik er det på Festplassen der valbuene står medan Olav Kyrres gate og Torgallmenningen blir pussa opp. Det er ikkje ei god plassering, skriv BT på leiarplass i dag.

  • Kva er problemet? Valbuene er den einaste plassen folk kan treffe og høyre synspunkt frå alle parti. Anten må valbuene vere ein stad der det faktisk er folk, eller så må folk bli lokka til Festplassen, er kravet i BT-leiaren.

4: Festbremsen frå festpartiet Frp

Cornelius Poppe, NTB Scanpix

Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) meiner nokre av bompengeselskapa i landet har hatt «hinsides pengebruk», mellom anna til fest og reiser. Han vil kalle leiinga i selskapa og eigarane deira inn på teppet.

  • Ja, men: Stortingsgruppa til hans eige parti går heller ikkje av vegen for litt sosialisering. Dei brukte i fjor 23 gongar meir på fest og moro enn det statstilsette får lov til.