KORT FORTALT

Difor krigar Høgre og Ap om barnehagar

Og: Så mange hordalendingar blir fødde på vegen. Bomkrise betyr meir pengar til bane. Kvifor er det ikkje revolusjon i Sogn og Fjordane?

Publisert:
Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

God torsdag! Her er fire saker som er verde å få med seg i dag.

🏃‍♀️ Dårleg tid? Det tar to og eit halvt minutt å lese til botnen.

Vil du heller ha Kort fortalt rett i innboksen din? Meld deg på nyheitsbrevet mitt her.

1. Difor sit Høgre-toppen i ei disse

Foto: Hallgeir Vågenes, VG

Er private barnehagar drivne av grådige eigarar som prøver å gjere seg rike på våre skattepengar? Eller er dei viktige for å skape mangfald i samfunnet?

Kvifor er det viktig? Sju av ti barnehagar i Bergen er private, og dei aller fleste er drivne kommersielt. Det vil seie at eigarane kan tene pengar på å drive dei, så lenge alle krav er oppfylt.

I over ti år har storbyane strevd med å innfri retten til barnehageplass for eittåringar. For å få det til har partia på både venstre- og høgresida støtta at private aktørar har bygd og starta opp barnehagar.

Kva no? Bergen byrjar å få nok barnehagar. Før sommaren bestemte Ap-byrådet å seie nei til ein privat barnehage som ville starte opp på Damsgård. Høgre skulda Ap for å setje ideologi framfor småbarnsfamiliars beste.

  • På den eine sida: Høgre vil la foreldre velje mellom private og kommunale barnehagar. Dei vil framleis la eigarar kunne tene pengar, men vil føre streng kontroll med kvaliteten og pengebruken i private barnehagar.
  • På den andre sida: Arbeidarpartiet vil hindre private barnehageeigarar i å tene pengar. Dei vil at nye barnehagar skal vere kommunale, og vurderer også å kjøpe opp private. Dette for enklare å kunne sørgje for at barn får barnehageplass i nærleiken.

Men, men, men: Med så mange private barnehagar som i Bergen, blir det neppe store endringar. Kommunen har ikkje råd til å kjøpe opp mange av desse. I verkelegheita er det nye barnehagar slaget står om.

2: Dagens tal

43 nye hordalendingar vart i fjor fødd før mora rakk å kome seg på sjukehus. Det er flest i landet.

Fleire kommunar på Vestlandet har både to og tre timars reiseveg til næraste fødetilbod, viser ei oversikt frå VG.

3: Bomkrise kan gi meir pengar til Bybane

Foto: Bård Bøe (arkiv)

Staten kan ende med å betale meir av den vidare bybanebygginga i Bergen. Det skal regjeringspartia vere einige om etter lange forhandlingar, skriv mine kollegaer Kjetil Gillesvik og Anders Haga.

  • Kvifor er det viktig? Det kraftige opprøret mot bompengar gjer at veljarar flyktar til bompengepartiet, særleg frå Frp. Frp har alltid vore imot bompengar, men talet på bomstasjonar har auka med dei i regjering. No vil partiet stoppe veljarflukta ved å kutte bompengar. Meir pengar frå staten til bybane vil hjelpe.
  • Men, men, men: Enno veit me ikkje det endelege resultatet av forhandlingane. Ifølgje NRK er Venstre framleis ikkje nøgde. Det er også uklart kor mykje pengar regjeringa er villig til å bruke.

4: Dagens spørsmål: Kvifor gjer ikkje Sogn og Fjordane opprør?

Foto: Marita Aarekol (arkiv)

«Trivselsfylket» er snart historie. BT-kommentator Jens Kihl lurer på kvifor ingen protesterer sterkare mot akkurat det.

Fylkespolitikk er ingen publikumsmagnet. Men i Sogn og Fjordane, der ingen kommunar er store nok til å dominere, har fylket verkeleg spelt ei rolle.

  • Kvifor er det viktig? Med eit fylkespolitisk sentrum i Bergen mister Sogn og Fjordane etter alt å dømme mykje politisk kraft. No fryktar Jens Kihl at både NRK-kontoret og høgskuletilbod kan stå i fare.
Publisert: