KORT FORTALT

Han vil gå frå 0 til minst 900.000 i inntekt etter valet

Og: Slik vil Bergen bruke 500 millionar frå Erna og dei. Desse stemmer MDG. Fullt hos fastlegane.

Publisert:

ILLUSTRASJON: BÅRD BØE

Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

God solfylt måndag! I dag er det akkurat to veker til valet.

⌛ I dag treng du to og eit halvt minutt for å lese dei fire sakene eg har plukka ut.

Og er du framleis i tvil om kva du skal stemme? 🤔 Test kva politikar som passar best for deg.

1: Bompengepartiet får millionar etter valet

Bompengepartiet får millioninntekter dersom dei gjer det like godt i valet som på målingane.

Kvifor er det viktig? Har du pengar kan du tilsetje politikarar på heiltid. Dermed kan Bompengepartiet gå frå ein Facebook-aksjon til ein profesjonell politisk organisasjon.

  • Dei store partia får pengar frå rikingar og store organisasjonar og har tilsett folk på heiltid. Folkeaksjonen nei til mer bompenger har ikkje fått donasjonar på over 10.000 kroner i valkampen. Partiet opplyser sjølv at dei ikkje har pengar på konto.
  • Frontfigur Trym Aafløy har i mange år tent lite og ingenting, ifølgje skattelistene. Han seier han har selt utstyr frå huset sitt for å ha pengar å leve for dei siste månadene.

Etter valet blir det andre bollar:

  • Dersom partiet får 12 representantar i bystyret, slik siste måling viste, får bompengepartiet rundt 1,5 millionar kroner i partistøtte.
  • Partiet vil også få lønna stillingar i bystyret. Årslønna for ei fulltidsstilling er over 900.000 kroner. Dei ligg an til å få minst to slike stillingar.
  • Bompengepartiet kan komme i byråd. Også der er årslønna på over 900.000 kroner i året. Blir Trym Aafløy ordførar eller byrådsleiar, vil han tene over ein million kroner.

💰 Kort sagt: Valet gir ein milliongevinst til bompengepartiet. Dette gjer at partiet kan lønne politikarane sine, og aukar sjansen for at partiet vil leve vidare.

2: Dagens tal

I helga landa regjeringa etter mykje om og men avtalen sin om bompengar. Den betyr om lag ein milliard meir i statlege pengar til Bybanen til Fyllingsdalen. Halvparten skal gå til å redusere bompengar.

  • Den andre halvdelen vil bergenspolitikarane bruke på å bygge banen heilt til Spelhaugen. Det var opphavleg planen, men banen vart korta inn til Oasen på grunn av pengemangel.

3: Slik er MDG-veljarane

Foto: Rune Sævig

�� MDG gjorde si beste måling i Bergen nokosinne førre veke. Dei ser ut til å få støtte frå eit breitt utval i befolkninga:

  • Dei er mest populære blant yngre veljarar. Men partiet har også sterk støtte blant veljarar mellom 30 og 45 år.
  • MDG har nokså lik støtte blant kvinner og menn.
  • Tidlegare MDG-veljarar er lojale. I tillegg stel MDG veljarar frå SV, Ap og Venstre. Det går altså mest utover dei andre miljøpartia og venstresida.
  • MDG gjer det aller best i sentrum. Der er dei nesten dobbelt så store som bompengepartiet. I alle andre bydelar er situasjonen omvendt.

4: Vil du ha ny lege? Gløym det.

Foto: Ørjan Deisz (arkiv)

I førre veke var det null ledige plassar hos fastlegar i Bergen. Talet har stige litt, men akkurat no har du berre fire legar å velje mellom viss du vil bytte.

Kvifor er det slik? Bergen kommune seier ja til alle fastlegar som ber om å få korte ned pasientlistene sine. Det har mange av dei gjort.

Kva no? I dag må legar kjøpe seg plass som fastlege i Bergen. Det er ei stor investering som mange yngre legar vegrar seg for. Kommunen betaler no for spesialiseringa til nokre legar, for å auke rekrutteringa av fastlegar. I tillegg kan det på sikt komme eit kommunalt fastlegekontor.

Publisert: