KORT FORTALT

I dag køyrde dei sakte for siste gong. Lite kjem truleg til å skje etter valet.

Og: Her protesterer ministeren mot bompengeopprøret. Tusen nye politiske verv. Ein av ti vil stemme MDG.

Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

🌧 God onsdag i regnet. Eg går ut frå alle kom seg tidsnok på jobb i dag.

Her er fire saker, og i dag treng du berre to minutt.

Hugs: Du kan få Kort fortalt rett i innboksen. 📫 Meld deg på her.

1. Så lite får dei gjort med bompengane

Bård Bøe

Den siste køyr sakte-aksjonen i Bergen fisla ut utan å lage særleg trøbbel i morgontrafikken. No lovar sjefsaksjonist Willy Padøy i Nok er nok-gjengen at dei har hatt sin siste aksjon. Han set sin lit til at bompengeopprørarane no får gjennomslag i valet.

Han vil fort bli skuffa.

Kvifor det? Ja, bompengepartiet har gjort det godt på målingane. Dei vil redusere bompengetaksten kraftig, fjerne ytre bomring og stoppe vidare bybanebygging. Men:

  • Pengane frå bomringen i Bergen går i dag til å bygge bybane mot Fyllingsdalen. Bygginga er godt i gang, og staten betaler over halvparten. Bompengepartiet er pr. i dag åleine om å ville stoppe dette.
  • Bomringen skal også betale ned rundt 7,5 milliardar kroner på lån som er tatt opp tidlegare.
  • Bompengepartiet og Frp vil droppe å bygge Bybanen vidare mot Åsane, men får ikkje det gjennom åleine. Høgre har likevel opna for å utsetje byggestart og å kutte kostnaden noko. Dette kan altså skje, om desse får fleirtal.

Kva betyr dette for bomringen i Bergen? Så lenge pengane først skal gå til å bygge fyllingsdalsbanen, vil prisen truleg måtte vere om lag som han er i fleire år. Ytre bomring vil bli litt billigare fordi regjeringa tek ein litt større del av rekninga.

  • Men, men, men: Som eg har skrive før, utgjer reduksjonen berre rundt 50 millionar i året. Fordelt på alle bilane som passerer, utgjer det ein ganske liten sum.

2. Dagens bilete

Bård Bøe

Her er kulturminister og Venstre-leiar Trine Skei Grande med i motaksjonen mot bompengeopprørarane.

– Eg syns heile aksjonen er underleg. Det å ønske seg tilbake til ei tid med meir forureining, kø og bilar er rart, sa ho.

3. No får Bergen endå fleire politikarar

Tor Høvik (arkiv)

Etter valet må partia i Bergen fylle rundt 1000 politiske verv. Dette skjer fordi kvar bydel no skal få sitt eige politiske styre. Dei skal utføre enkelte mindre oppgåver og seie si meining i større saker.

  • Veljarane får ikkje bestemme kven som skal sitje i styra, verva blir fordelt ut frå valresultatet i kommunen.
  • For dei partia som ligg an til å gjere det godt, blir det svært mange verv å fylle. Bompengepartiet åleine kan måtte hoste opp 150 politikarar. På vallista si har dei 50 namn.

4. Dagens tal

10 prosent seier dei ville stemt på Miljøpartiet De Grønne i ei ny nasjonal måling gjort for Aftenposten og NRK. Dermed held oppturen fram for MDG, mens både Ap og Høgre sin oppslutnad fell kraftig.

  • I morgon kjem siste bergensmåling før valet. Eg er utruleg spent på å sjå kva den viser!