KORT FORTALT

Denne grafen viser kor splitta Bergen er

Og: Rekordmange har allereie stemt. Kvinnene vil ha Valhammer. Har NRK påverka valet?

Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

No nærmar det seg! Her er fire saker i innspurten. Det tar berre to og eit halvt minutt å lese.

God helg, og godt val! ❤

PS: Det er alltid kjekt å følge oppteljinga saman med andre. BT inviterer deg og alle du kjenner til valvake i Media City Bergen måndag. Velkommen!

1. Slik blei Bergen delt i to leirar

ILLUSTRASJON: Bjørn Erik Larsen

I mai var bompengepartiet Bergens største parti. MDG var eitt av Bergens minste. Fire månader seinare er dei så godt som jamstore, viser BTs siste måling.

Kort sagt: Grafen over samanfattar valkampen i Bergen ganske enkelt: Lenge handla alt om bompengeopprøret. Så oppstod eit slags motopprør for bybanebygging, klima og miljø.

  • No ser det ut som ein stor del av Bergens befolkning er samla i to leirar.

Men, men, men: Det er framleis fleire spenningsmoment.

  • MDG må faktisk få veljarane til urnene. I to val har MDG gjort det betre på målingar enn i det faktiske valet. Veljarane deira ser ut til å vere av det upålitelege slaget, truleg fordi mange av dei er unge.
  • Også bompengepartiet er avhengige av at folk faktisk stemmer. Me veit svært lite om dei typiske veljarane deira, sidan dei er eit heilt nytt parti. Men me veit at FNB har jobba hardt for å få sine tilhengjarar til å stemme tidleg. Dette gjorde dei medan oppslutnaden deira var på topp.

Kva no? I staden for eit bystyre der ein fjerdedel av plassane er fylt av bompengemotstandarar, ligg det no an til eit bystyre der bompengepartiet og MDG får sterke stemmer på kvar sine sider.

  • Suksessen deira har gått hardt utover Høgre og Arbeidarpartiet, som berre er litt større enn MDG og bompengepartiet på BTs siste måling.
  • Uansett om Høgre eller Ap får byrådsleiaren til slutt, vil dei vere svekka. For å få makta, vil dei måtte gi frå seg både maktposisjonar og sigeren i fleire politiske saker.

2. Dagens tal

56.890 bergensarar hadde førehandsstemt til og med torsdag. Det er ny rekord. I dei to siste lokalvala har drygt 130.000 personar stemt i Bergen.

  • Viss like mange stemmer i dag som tidlegare denne veka, betyr det at nær halvparten av stemmene i byen er levert før valdagen.

3. Han er kvinnenes favoritt 🙋

Fleire vil ha Aps Roger Valhammer enn Høgres Harald Victor Hove som byrådsleiar i Bergen. Det viser ei fersk måling gjort for BT.

Bak tala: Det er særleg kvinnene som sørger for at Valhammer vinn duellen mot Høgres Harald Victor Hove. Medan menn deler seg ganske likt mellom dei to, er Valhammer langt meir populær blant kvinner.

  • Han har også klart meir støtte blant yngre veljarar.

Kvifor det? Det er kanskje ikkje så rart at Valhammer gjer det godt blant kvinner. Han er den føretrekte byrådsleiaren hos både SV-veljarar og MDG-veljarar. Begge partia gjer det godt, og begge har ei klar overvekt av kvinnelege veljarar. Høgre, Frp og bompengepartiet har vanlegvis flest mannlege veljarar.

4. NRK lurte unge veljarar. Var det greitt?

Jan Tomas Espedal, NTB Scanpix (arkiv)

Reaksjonane har vore kraftige etter nyheita om at NRKs Folkeopplysningen har spreidd falske nyheiter for å prøve å påverke skulevalet ved Lillestrøm vidaregåande skule.

På den eine sida: Mange elevar i vidaregåande skule har stemmerett, og nokre av dei NRK i skjul har forsøkt å påverke kan allereie ha førehandsstemt. Dermed kan faktiske stemmer i valet ha blitt påverka.

På den andre sida: NRK har grunngjeve forsøket med at dei ville synleggjere kor sårbare me er for påverknad, og meiner både elevane og det norske folk skal lære av dette.