Folk flyttar frå Vestlandet. Det kan bli eit stort problem.
Og: Alle vender ryggen til Søviknes. Klimapartia slåst om veljarane. Statsministeren hastar heim for å redde regjeringa.
Det er onsdag og endeleg ein pause frå regnbyene. Her er sakene eg har valt ut til deg i dag.
⏰ Travelt? I dag tar det under to og eit halvt minutt å lese.
PS: Korleis likar du det eg skriv? Eg blir veldig glad viss du svarer på nokre få kjappe spørsmål her.
1. For mange gjer som Ylvis-brørne. Derfor er det eit problem.
Foto: Bjørn Erik Larsen (arkiv)
Trenden har lenge vore at folk flyttar frå bygder og distriktskommunar. Men Bergen begynner også å oppleve det same.
Temaet er gått under radaren så langt i valkampen, men både Hordaland og Sogn og Fjordane opplever fråflytting. I tillegg dalar fødselstala.
Kvifor er det viktig? Utan unge folk som etablerer seg, fell heile livsgrunnlaget vekk for kommunane.
- Kommunen er avhengig av inntekter. Det får dei frå folk som bur der, jobbar og betalar skatt.
- Utan desse inntektene, blir det mindre pengar til å drive skule, barnehage, eldreomsorg og alt anna kommunen skal gjere.
For eksempel: Ylvis-brørne er frå Bergen, men flytta til Oslo og gjer det godt økonomisk. I 2017 betalte dei til saman nær 2,5 millionar kroner i skatt. Dette blir delt mellom stat og kommune, og kommunen er i dette tilfellet Oslo – ikkje Bergen.
- Her i Bergen stig folketalet framleis, men treigare enn før. Bergen er allereie begynt å merke at dette går utover økonomien.
Kva no? Sviktande folkevekst i Bergen blei først tydeleg i 2016. Då peikte fleire på oljekrisa og ein dårleg arbeidsmarknad. Sidan har økonomien betra seg, men folkeveksten har ikkje teke seg opp på same måte.
- Heldigvis er Alan Walker framleis folkeregistrert i Bergen, og han betaler nesten dobbelt så mykje i skatt som Ylvis til saman.
2. (Nesten) ingen vil leike med Terje Søviknes
Foto: Silje Katrine Robinson
20 år er nok. Det er innstillinga til så godt som alle parti som skal sitte i kommunestyret med Terje Søviknes i nye Bjørnafjorden kommune frå nyttår. Berre Høgre seier dei vil halde fram å styre med Frp og Søviknes.
- Kva betyr det? Høgre åleine held ikkje for å sikre Søviknes fire nye år på ordførarkontoret, viser BTs ferske måling for Bjørnafjorden. Det vil vere slutten av ein æra om det resultatet slår til.
3: Dagens anbefaling: Klimakampen
Foto: Alice Bratshaug (arkiv)
Klima er eit av dei mest sentrale spørsmåla for mange veljarar i år. Men kven skal du eigentleg stemme på i Bergen, viss dette er di hjartesak?
Mindre biltrafikk, meir kollektiv og ulike tiltak mot cruisetrafikk og plastforureining går igjen i partiprogramma. Men du finn òg klimafestival og kjøttfri måndag i kommunale kantiner.
- I kveld skal MDG, SV, Rødt og Venstre prøve å overtyde deg i debatt i Logehaven.
4: Sjefen reiste heim for å ordne opp
Foto: Terje Bendiksby, NTB Scanpix
Bompengeforliket til regjeringa er framleis ikkje i hamn. Tysdag reiste statsminister Erna Solberg tidlegare enn planlagt heim frå Island, visstnok for å ordne opp i rotet heime.
Rett før Solberg landa på Gardermoen, koste Frp-leiar Siv Jensen seg heime med fiskebollar og film, og hadde tilsynelatande ingen planar om møteaktivitet på kveldstid. Men onsdag skulle Venstres stortingsgruppe møtast på hemmeleg stad for å diskutere bompengar.
- Kva no: Ein fersk analyse viser at Frp gjer det dårlegare i lokalval enn meiningsmålingane viser på førehand. Derfor hastar det for dei å få rydda opp i sitt største problem i valkampen.