KORT FORTALT

Eitt parti sit alltid ved makta i Bergen. Også denne gongen blir dei avgjerande.

Og: MDG har flest kvinner i bystyret. Inga løysing i sikte på Askøy. Dette ventar me framleis på å få vite.

Publisert: Publisert:
Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

God fredag. 🌈 Valet er overstått, og no tek eg meg ein pause frå daglege oppdateringar.

Men ikkje fortvil: Kort fortalt kjem tilbake når eg har fleire svar til deg om kven som eigentleg vann valet – og kva det betyr. 🏆

Og før me tar helg: Her er dagens saker. Du treng knappe tre minutt for å kome deg gjennom.

1: Slik sit KrF med nøkkelen – igjen 🗝

Foto: Geir Martin Strande

Uansett om det er Ap eller Høgre som styrer, er det eitt parti i Bergen som alltid har ei hand på rattet. Med unntak av eitt år – frå 2014 til 2015 – har KrF sete ved makta i Bergen sidan 1975.

Kvifor er det viktig? KrF har alltid vore eit relativt lite parti i Bergen. Men ved å kunne snu seg til både Arbeidarpartiet og Høgre har partiet i fleire tiår hatt ei avgjerande stemme i saker som restriktiv ruspolitikk, skjenkjetider eller bybanetrasé.

Kva no? Også i år sit KrF og Håkon Pettersen i ein nøkkelposisjon. Og det sjølv om dei fekk berre 3,1 prosent av stemmene i Bergen.

Arbeidarpartiet har eigentleg fleire mogelege vegar til makta, men KrF lagar trøbbel nesten uansett:

  • Senterpartiet er ein potensiell samarbeidspartnar, men dei vil ikkje legge Bybanen over Bryggen. Det vil derimot KrF, Venstre og SV. Minst tre av desse fire må vere med, og dermed står desse forhandlingane fast.
  • Raudt er den andre potensielle samarbeidspartnaren. Dei kan godta at Bybanen går over Bryggen. Men KrF nektar likevel å samarbeide med dei, fordi dei står for langt frå kvarandre i verdispørsmål.

Ja, men: Kan ikkje Ap berre utelate KrF frå byrådet? Vel, då lever Arbeidarpartiet farleg. Høgre, Frp og bompengepartiet har allereie prøvd å lokke KrF over på si side, og historia viser at dei vanlegvis ikkje er vonde å be. I løpet av dei neste fire åra kan dei finne på å melde overgang, og potensielt velte byrådet.

2: Dagens tal

31 kvinner er vald inn blant dei totalt 67 bystyremedlemmene i Bergen.

  • MDG har størst kvinnedel i si gruppe, med 5 av totalt 7 representantar.
  • I andre enden av skalaen er bompengepartiet, der 8 av 11 er menn.

3: Kaos på Askøy

Foto: Bård Bøe

Heile 12 parti skal dele på dei 35 plassane i kommunestyret på Askøy. Det gjer det ikkje enkelt å finne ut kven som skal samarbeide og kva dei eigentleg er samde om.

  • Også i førre periode var det lett kaos, då ein Ap-representant melde seg ut av partiet – og dermed blei tunga på vektskåla som fekk fjerna eigedomsskatten.

Kva no? Fire dagar etter valet er framleis inga løysing presentert. Det ser heller ikkje ut til å skje med det første.

På den eine sida: Øyas største parti er Høgre, med Siv Høgtun i spissen. Dei treng heile fem andre parti med på laget for å få fleirtal. Då blir sjansen stor for å støyte på problem undervegs.

På den andre sida: Ap må også ha ein drøss andre parti med på laget dersom dei skal klare å stable eit fleirtal på føtene. Eit tredje alternativ kan vere eit samarbeid mellom Høgre og anten Ap eller Askøylista. Men då må nokon svelgje Askøys største kamel: Eigedomsskatten.

4: Desse spørsmåla har me ikkje fått svar på

Foto: Tuva Åserud (arkiv)

Det er ikkje berre på Askøy og i Bergen me manglar svar. I nesten halvparten av Vestlands kommunar er det enno ikkje avgjort kven som skal styre. Desse er blant dei eg er mest spent på:

  • Os, så klart. Her manglar Terje Søviknes og Frp eitt mandat for å danne fleirtal saman med Høgre. Dei er dermed avhengige av støtte, men ingen andre er spesielt villige til å gi dei det. På den andre sida er det vanskeleg for alle dei andre partia å finne ei felles plattform.
  • Kinn, også kalla Norges raraste kommune. Her har samanslåinga og geografiske skiljelinjer påverka valet. Mellom anna har det enda med oppsving for Raudt og Senterpartiet – som gjekk til val på å reversere samanslåinga.
Publisert: