KORT FORTALT

Kven skal styre Bergen? Her er alternativa.

Og: Trøbbel for Ap. Unge Venstre får støtte frå minister og polititopp. E16 rasar igjen.

Publisert:
Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

God fredag! 😃 Snart berre ei veke til valet. Her er fire saker du kan lese før du tar helg.

⏱ Dårleg tid? Du treng berre to og eit halvt minutt for å lese dette.

Hugs: Vil du ha Kort fortalt i innboksen? Meld deg på her.

1. Dei kan avgjere kven som skal styre Bergen

Foto: Bjørn Erik Larsen

Rundt ei veke før valet er det to rivaliserande blokker som kjempar om å få styre Bergen framover:

  • Arbeidarpartiet, støtta av fleire parti på venstresida og i sentrum.
  • Høgre, støtta av Frp, bompengepartiet og truleg eitt anna parti.

Difor er det viktig: Ingen parti vil dominere i Bergen etter dette valet. Det vil bli nødvendig med eit samarbeid mellom minst fire parti for å få fleirtal. Partia er no begynt å plassere seg på den eine eller andre sida. Det vil seie at når du stemmer på eitt parti, plasserer du deg også på eitt av dei to laga.

På den eine sida: Arbeidarpartiet kan få fleirtal saman med KrF, Venstre, Senterpartiet, MDG og SV.

  • Ulempa er at mange i KrF er skeptiske til SV. Dei meiner partia er for ulike. Det blir også eit vanskeleg samarbeid med så mange parti.
  • Arbeidarpartiet kan også bli avhengige av Raudt for å få fleirtal. Dei nektar KrF å samarbeide med.
  • Blir venstresida derimot stor nok, kan dei skubbe KrF og Venstre heilt ut av samarbeidet.

På den andre sida: Høgre, Frp og bompengepartiet er nær eit fleirtal, men treng støtte frå minst eitt anna parti. Det finst eigentleg berre to alternativ:

  • KrF har vippa mellom høgre- og venstresida i over 40 år. Men dei står hardt på at Bybanen må gå over Bryggen. Det nektar Høgre, Frp og bompengepartiet. Difor er dette samarbeidet usannsynleg.
  • Senterpartiet vil ha Bybanen i tunnel, og har ikkje utelukka å samarbeide med bompengepartiet.

2. Dette viser at Ap slit skikkeleg

Arbeidarpartiet ligg an til å gjere eit historisk dårleg val i Bergen. På den siste målinga får dei berre 18 prosent.

  • Berre halvparten av dei som stemte Arbeidarpartiet i sist val, vil gjere det same no. Dette talet har vore så lågt lenge, og no har Ap dårleg tid til å overtyde resten.
  • Ap mistar også mange veljarar til SV, MDG og bompengepartiet. Dette talet har auka.

Ja, men: Fordi stemmene stort sett forsvinn til parti som SV og MDG, reddar Arbeidarpartiet seg inn igjen. SV og MDG vil ikkje samarbeide med Høgre, og sjansen er difor stor for at Ap framleis kan styre. Likevel vil maktforholdet i eit nytt samarbeid bli annleis.

3. Hasjplakat blei for sterk kost

Foto: Unge Venstre

«Legalize it», sto det på plakaten Unge Venstre hadde med seg til skuledebatt på Laksevåg vidaregåande onsdag. Plakaten viste ei hand med ein joint. Rektor snudde plakaten vekk frå elevane i salen. Men berre fordi det var bilde av ein tent røyk, ifølgje rektoren.

  • Andre stader har politiet stoppa utdeling av pins og klistremerke med same bodskap.

Kva no: Både kunnskapsminister Jan Tore Sanner og Politidirektoratet slår fast at Unge Venstre fritt kan drive kampanjen sin – utan at verken politi eller skular grip inn.

4. Dagens bilde

Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Natt til i går raste det igjen på E16. – Dette er kvardagen, sa vogntogsjåføren som vart sittande fast i ein tunnel i over 12 timar. I kveld blir vegen stengt igjen ved Bolstad på grunn av rasfare.

  • No må regjeringa få fortgang på utbygginga av E16 – og starte der rasfaren er størst, skriv BT på leiarplass i dag.
Publisert: