KORT FORTALT

Her har eitt parti styrt nesten samanhengande sidan før krigen. Årets val kan endre alt.

Og: Barn blir kasta ut av SFO. Dette betyr bomavtalen for deg. Bompengepartiet er på veg nedover.

Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

God onsdag! 🌞 Her er dagens Kort fortalt.

⏱ I dag treng du knappe tre minutt for å lese alt.

Har du tatt politikarmatchen vår? Eg kan ikkje røpe kven eg matcha med, men eg fekk meg ei ganske stor overrasking.

1. Vestlandet blir aldri det same etter årets val. Her er nokre av dei største endringane.

Fred Ivar Utsi Klemetsen

Årets val blir første møte med våre nye kommunar her i vest. Når folk i Os, Lindås og Odda går til urnene i haust, stemmer dei i Bjørnafjorden, Alver og Ullensvang.

Kvifor er det viktig? Når ulike samfunn og politiske tradisjonar blir slått saman, vil det endre kven som styrer oss. Kanskje vil det også endre identiteten til folk, enkelte stader? Me vil i alle fall få færre kommunar der enkeltparti har ekstremt sterke resultat. Og truleg vil småpartia få færre ordførarar.

  • Nye Ullensvang kommune er sett saman av blodraude Odda og jordbrukskommunane Jondal og Ullensvang. I Odda stemte over halvparten anten Ap eller Raudt for fire år sidan. I både Jondal og Ullensvang stemte nesten halvparten på Senterpartiet. No blir det ein dragkamp mellom grønt og raudt i den nye kommunen.
  • Lindås har vore ein av KrFs sikraste kommunar i fleire år. Radøy har vore Senterparti-kommune. I den nye kommunen Alver kjem også Meland inn i biletet, og på målingane er fem parti heilt jamstore.
  • I Bjørnafjorden vil ikkje lenger Terje Søviknes og Frp få den ekstreme oppslutnaden dei har vore vane med i Os. I Fusa står Ap og Senterpartiet mykje sterkare.
  • Frå nyttår bur me i Vestland. Medan Hordaland har vore eit meir borgarleg fylke, har Senterpartiet dominert Sogn og Fjordane.

Kven blir vinnarane? Arbeidarpartiet og Høgre er dei største partia i Noreg. Når ein kommune veks er det størst sjanse for å finne fleire veljarar til desse enn til mindre parti.

2: Dagens tal

98 elevar vart førre skuleår kasta ut av SFO fordi foreldra ikkje hadde betalt rekninga, skriv BA. Det er ei auke på 40 frå året før. Dei som mister plassen er gjerne dei som treng den mest, seier ein SFO-leiar til avisa.

  • Raudt og SV vil gi alle barn gratis SFO, Ap vil at det skal vere gratis for førsteklassingane. Raudt foreslo tidlegare i år at kommunen skal slutte å ta plassen frå barn på grunn av manglande betaling. Forslaget vart stemt ned i bystyret.

3: Dette veit me om bompengane – og dette veit me ikkje

Alice Bratshaug (arkiv)

Kva betyr eigentleg regjeringas bompengeavtale for Bergen? Her er ei kort oppsummering:

  • Staten gir ein milliard kroner meir til Bybanen mot Fyllingsdalen.
  • Halvparten av dette vil lokalpolitikarane bruke på å bygge banen vidare til Spelhaugen.
  • Dei siste 500 millionane går til å kutte bompengane i Bergen. Ingen veit enno korleis. Det kan bli billigare for alle, berre i ytre bomring eller berre for elbilar.
  • Uansett vil ikkje ytre bomring kunne leggast ned. Bomringen i Bergen tar inn ein milliard kroner i året. Pengane frå staten utgjer berre 50 millionar kroner i året.

Dykk djupare: Sjekk ut denne podkasten.

4: Er bompengepartiet på veg ned?

Eirik Brekke (arkiv)

15 prosent. TV 2s ferske måling i Bergen har det dårlegaste resultatet for Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) sidan mars.

Partiet ser no ut til å vere inne i ei negativ utvikling.

  • Før sommaren hadde dei 25 prosent. Tidleg i august 21 prosent. No er dei godt under 20 prosent på fleire målingar.
  • Bompengepartiet har stole veljarar frå mange parti på tidlegare målingar. Det kan virke som om ein del av desse no har gått tilbake til eit parti dei kjenner betre.
  • Mange veljarar har lenge vore usikre. No, når valet nærmar seg, har fleire av desse bestemt seg for å stemme på det same partiet som sist. Dette kjem andre parti enn bompengepartiet til gode.

Ja, men: 15 prosent i Norges nest største by vil framleis vere eit historisk godt resultat for eit nystarta parti.