Trudde du alle bompengeveljarane var middelaldrande menn? Då tek du feil.

Og det er veldig dårleg nytt for alle andre politiske parti i Bergen.

Bård Bøe (arkiv)

Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

Folkeaksjonen nei til mer bompenger er byens største parti på BTs siste måling.

Det har dei fått til ved å skape entusiasme i nesten alle veljargrupper.

Her er sju ting me har lært frå BTs siste meiningsmålingar:

1. Bompengelista stel ikkje berre veljarar frå høgresida

På BTs siste måling hadde bompengelista stole veljarar frå alle andre parti, utanom Rødt.

Frustrasjonen over bompengar er dermed spreidd på både høgre- og venstresida i politikken. Dette gir bompengelista eit stort potensial for å bli enno større.

2. Det er ikkje berre menn som stemmer mot bompengar

KVINNELEG VELJAR: BT møtte Randi Riple (til h.) i april. Då ville ho stemme bompengelista. Venninna Marianne Ulevik var også skeptisk til bompengar, men ville ikkje stemme på partiet. Eirik Brekke (arkiv)

Kvar tredje mann i Bergen seier no at han ville stemme på bompengelista. Men det gjer også kvar sjette kvinne. Sjølv om det er ein tydeleg forskjell mellom kjønna, er bompengelista det tredje største partiet blant kvinner.

3. Bompengelista begeistrar nesten alle aldersgrupper

Veljarar under 30 år strøymer ikkje til Folkeaksjonen nei til mer bompenger. Men stort sett alle andre gjer. Kvar tredje bergensar over 60 vil stemme på bompengelista.

Valdeltakinga er lågare blant unge veljarar, og høgare blant dei eldre. Støtte blant dei over 60 er difor dei beste du kan ha.

Les også

Tidligere bergensbyråd om bompenger: «Vi har tabbet oss ut»

4. Både rike og fattige stemmer mot bompengar

Rekningar frå bomringen vil svi meir for dei med låg inntekt, enn for andre.

Likevel er støtta til bompengelista spreidd jamt i alle inntektsgrupper. Veljarar i hushaldningar med inntekt over ein million kroner er like begeistra for bompengelista som veljarar med samla inntekt under 500.000 kroner.

5. Bompengelista gjer det godt også blant folk med høgare utdanning

Rett nok er entusiasmen definitivt størst blant veljarar utan høgare utdanning. Men bompengelista er det fjerde største partiet også blant veljarar med mastergrad eller meir.

6. Oppslutninga er stor i nesten alle byens bydelar

MASSIVT: Her rullar bompengemotstandarar gjennom Åsane. I denne bydelen vil fire av ti stemme bompengelista. Ørjan Deisz (arkiv)

Bompengelista er det største partiet i både Åsane, Arna, Bergen Vest, Fana og Ytrbygda. I Åsane og Arna tar partiet nesten halvparten av stemmene. Men også i Fana og Ytrebygda er partiet soleklart størst.

Det er berre i Bergenhus og Årstad at partiet er lite. Her bur det også fleire unge, som heller ikkje har latt seg overtyde av bompengelista så langt.

Les også

Så lite får han gjort med bompengane

7. Mange etablerte parti har utru veljarar

Ei viktig oppgåve før eit val er å halde på dei veljarane sine frå førre val. Undervegs i ein valkamp kan ein del veljarar bli usikre. Men går dei til eit anna parti, blir dei vanskelege å vinne tilbake.

Dette strevar mange etablerte parti i Bergen med, nett no.

Ap, Sp, Venstre, Høgre og MDG har alle mista nesten halvparten (eller enno fleire) av veljarane frå 2017.

Frp har nesten ikkje veljarar frå 2017 igjen.

Mange har gått til nettopp bompengelista.

Kjelder: Partimålingar gjort av Respons Analyse for BT i april og mai. Valekspert Johan Giertsen.