KORT FORTALT

Han skulle redde Høgre i Bergen. Det går dårleg.

Og: Blendakvit mannsdominans i toppen. Viktig melding – lytt til podkast. Spinn-konkurranse i regjeringa.

Publisert:
Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

Endeleg helg igjen. Her er fire saker eg syns er interessante.

⌚ Mykje å gjere før du tar helg? Du treng to og eit halvt minutt for å lese alt.

Og hugs: Vil du ha Kort fortalt rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrevet her.

1: I 2015 gjorde Høgre det elendig i Bergen. Dette valet kan bli endå verre.

Det er mykje dårleg nytt for Høgre på siste måling i Bergen:

  • Dei er ikkje Bergens største parti, og får under 20 prosent oppslutnad.
  • Under halvparten av veljarane deira frå to år sidan vil framleis stemme Høgre. Dette talet har vore lågt heile valkampen, og ser ikkje ut til å auke.
  • Dei mistar like mange veljarar til bompengepartiet som før.
  • Dei mistar også ein god del veljarar til Arbeidarpartiet. Arbeidarpartiet gir nesten ingen tilbake.

Kvifor er det viktig? Høgre gjorde eit frykteleg dårleg val for fire år sidan, og mista makta i Bergen etter tolv år. Då dei første resultata kom klokka 21, gjekk folk heim frå valvaka. Det er seinare blitt omtalt som «ein dårleg skrekkfilm», i videoen over kan du sjå det sjølv.

  • 2019 skulle bli Høgres comeback. No risikerer dei å gjere eit endå dårlegare val.

Bak fasaden: I vår, før bompengepartiet verkeleg hadde begynt å stige på målingane, snakka eg med fleire i Høgre. Dei snakka om kor demotiverande det har vore ikkje å ha makt dei siste fire åra.

  • Men no skulle alt bli betre. Frontfigur Harald Victor Hove var ein «garantist for å få makt», meinte ein av dei. Nokre månader seinare ser det ikkje slik ut i det heile.

Kva no: På den siste målinga gjer nesten alle småpartia det godt. Ingen av desse vil samarbeide med Høgre, Frp og bompengepartiet. Viss dei skal kome til makta, er Høgre meir avhengige enn Arbeidarpartiet av å gjere det godt sjølv. Det begynner å haste.

2: Dagens bilete: Finn to feil

TO FEIL Foto: ILLUSTRASJON: Bjørn Erik Larsen

Dette er toppkandidatane til bystyret i Bergen. Ei einaste kvinne blant ni ganske bleike menn.

Kvifor er det viktig? Nær halvparten av bergensarane er kvinner. Rundt 18 prosent har innvandrarbakgrunn. Desse gruppene er underrepresenterte i norsk politikk, noko som kan gjere at deira syn ikkje når fram.

3: Dagens anbefaling

Foto: Silje Katrine Robinson (arkiv)

Etter 20 år vil framleis kvar tredje osing stemme på Terje Søviknes. Men samanslåinga med Fusa kan velte det fleire tiår lange Frp-styret. Og korleis vart Søviknes eigentleg så populær?

  • Det snakkar eg om med kollega Frode Bjerkestrand og programleiar Ingvild Nave i denne vekas BT20.

4: Kven er eigentleg på veg ut av regjering?

Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix

Legg merke til kven som seier kva om regjeringskrisa nett no. I ei fersk sak i natt er anonyme Frp-kjelder sitert på at Venstre no legg eit grunnlag for å gå ut av regjeringa. Det er altså ikkje Venstre-politikarar sjølv som seier dette, men motstandarane deira i bompengekonflikta.

  • Samstundes var ikkje Frp-leiar Siv Jensen til stades for å diskutere endringar i bompengeavtalen, då Venstre la fram sine fire krav onsdag. I staden la ho ut bilete av at ho var på tur i skogen med familien.

Mellom linjene: Bompengekrisa kan ende med at enten Venstre eller Frp må trekke seg frå regjeringa for å unngå å tape ansikt. Spørsmålet er kven som er sterkast. Alt dei no seier, er eit ledd i denne dragkampen.

Publisert: