KORT FORTALT

Bompengeavtalen kan bety mindre å betale for deg

Og: Desse kan vinne og tape på avtalen. E16 kåra til landets farlegaste veg. Kva betyr det når rekordmange førehandsstemmer?

Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

Ny veke, ny Kort fortalt! Her er fire interessante saker å starte veka med.

🏃 Dårleg tid? Du treng to og eit halvt minutt for å lese til botnen.

Og hugs: Har du lyst til å få dette rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrevet her.

1: Blir det mindre bompengar no?

Bård Bøe

Ein ny avtale om å redusere bompengane i landet kan snart bli vedtatt – dersom regjeringa klarer å bli einig med seg sjølv.

Kvifor er det viktig? Bompengeavtalen skal stoppe veljarane frå å rømme til bompengepartiet. Veljarflukta har vore massiv. Særleg for Frp, og særleg i Bergen.

Kva betyr avtalen for deg? Ingen har enno sett den faktiske avtalen. Men lekkasjar som går igjen i fleire medium seier mellom anna at:

  • Staten skal betale meir for kollektivtransport i dei store byane. Dei vil mellom anna betale 1,3 milliardar kroner ekstra for Bybanen til Fyllingsdalen. Dette reduserer behovet for å ta inn bompengar i Bergen.
  • Sju milliardar kroner skal gå til å betale ned gjelda for vegprosjekt rundt i landet. Då kan bomstasjonar fjernast tidlegare enn venta.
  • I dei store byane blir det krav om bompause på tre timar. Det vil seie at bilistar berre betaler for ei passering kvar tredje time.

Kva no? Framleis heng det i lause lufta om det blir avtale eller regjeringskrise. Venstre ønskjer å forhandle vidare fordi dei fryktar at mindre bompengar vil auke biltrafikken i norske byar. Frp nektar å forhandle meir, dei vil ha avtalen spikra no.

Ja, men: Trudde du at dette var slutten på bompengane i Bergen? Me er definitivt ikkje der. Men rekninga for bilistane kan bli lågare.

2. Desse kan vinne og tape på bompengeavtalen

Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix

Om avtalen går gjennom, er desse vinnarane:

  • Frp har fått tyn for å vere imot bompengar, men utan å gjere noko med det på seks år i regjering. Går denne avtalen gjennom, får dei gjennomslag.
  • For KrF er ikkje bompengar ei hjartesak. Men bybane er. Forliket gjer at partiet kan by på meir pengar til Bybanen.

Og taparane:

  • Venstre framstår som dei kjempar for å halde bompengane høge, og ikkje vil gå med på ein avtale som gir meir pengar til kollektivtransport.
  • Arbeidarpartiet står i spissen for auken i bompengar i Bergen. Kvar gong har dei sendt skulda vidare til regjeringa, og sagt at staten må betale meir for bybanebygging. Kven skal Arbeidarpartiet skulde på når regjeringa no blar opp?
  • Bompengepartiet får plutseleg gjennomslag for si viktigaste kampsak dersom bompengane blir redusert. Men som eit protestparti er dei avhengige av å ha noko å protestere mot.

Ja, men: Bli ikkje overraska om bompengepartiet i staden framstiller dette som sin siger. Partiet vil kunne hevde at denne avtalen aldri hadde kome i stand utan press frå dei.

3: Dagens tal

43 personar har mista livet på E16 mellom Bergen og Voss sidan vegen vart opna for om lag 30 år sidan.

Laurdag aksjonerte Naf fleire stader langs vegen, etter at medlemmane i organisasjonen har kåra den til landets farlegaste. Dei vil ha ein ny, tryggare veg på plass så snart som råd.

4: Difor kan førehandsstemmene avgjere

Geir Martin Strande (arkiv)

Over 8000 bergensarar har allereie stemt i årets val – meir enn dobbelt så mange som på same tid ved førre lokalval. Også nasjonalt er førehandsstemminga dobla.

Kvifor er det viktig? For parti som gjer det godt på meiningsmålingane tidleg i valkampen, er det ein fordel at flest mogeleg stemmer medan dei har medvind. Plutseleg kan det dukke opp noko – for eksempel eit bompengeforlik – som kan få folk til å endre meining.