KORT FORTALT

Fire ting å følge med på i kveld

Kven vinn i Bergen? Er Søviknes-æraen over? Kva skjer med Vestland? Og kor går dei nye kommunane?

Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

Endeleg er dagen her! 🎉 Og her er ein Kort fortalt-spesial.

Dette blir ein dag med mange grafar, tal og resultat. �� For å gjere ting litt enklare, har eg samanfatta dei fire mest spennande tinga å følge med på.

Som vanleg treng du drygt to minutt for å halde deg oppdatert.

Og eg gir meg ikkje her: Eg samanfattar resultata for deg i kveld, og følger etterdønningane gjennom den komande veka.

PS: Me sender direkte i heile kveld på bt.no. Dette er plassen for å følge valet på Vestlandet!

1: Kva skjer med Trym Aafløy?

Alles auge er retta mot Bergen i kveld. Nærare bestemt mot valvaka til Folkeaksjonen nei til mer bompenger.

Bompengepartiet, med Trym Aafløy i spissen, kan skrive politisk historie dersom dei faktisk gjer det så godt som det ligg an til.

Kvifor er det viktig: Saman med Høgre og Frp kan protestpartiet ta over styringa i Bergen. Dei tre vil truleg ikkje få fleirtal åleine, men dei kan klare å lokke til seg Senterpartiet. Spørsmålet er om det blir nok.

Men, men, men: Arbeidarpartiet kan framleis klare å klamre seg fast til makta.

  • Etter alt å dømme kjem dei til å gjere eit historisk dårleg val sjølve, så dei er avhengig av sterke støtteparti. Det me er aller mest spente på, er MDG.

2: Får Terje Søviknes fortsette som ordførar?

Silje Katrine Robinson

I val etter val har folk spurt seg om det same: Kan Terje Søviknes halde på makta i Os? Og i val etter val har han ikkje berre vunne, men utklassa alle konkurrentane.

Etter 20 år har han fått ei ekte utfordring: Ein ny kommune. No må han overtyde folk i heile Bjørnafjorden.

Gjer ikkje Søviknes endå eit brakval, står nesten alle andre parti klare til å felle han.

  • Sjå opp for Senterpartiet. Det er det einaste partiet som har halde døra på gløtt for Søviknes, Frp og Høgre. Dersom dei saman kan skaffe fleirtal, er det håp.

Kvifor er det viktig: Skulle Frp miste kontrollen over Os, vil partiet miste sitt viktigaste utstillingsvindauge og suksesshistorie.

3. Å Vestland, Vestland

Fred Ivar Utsi Klemetsen

Hordaland er stort sett blått. Sogn og Fjordane stort sett grønt. I kveld får me for første gong vite kva farge Vestland får.

Kva seier tala? Det bur fem gonger så mange folk i Hordaland, men det kan sjå ut som at så mange i Sogn og Fjordane stemmer Senterpartiet at det likevel blir trivselsfylket som avgjer valet.

  • Senterpartiet blir nemleg jokeren, berre dei blir store nok.

Kva skjer då? Dei har opna for samarbeid med både venstre- og høgresida, og på BTs siste måling låg dei på vippen. Blir valresultatet som det, har Senterpartiet alle mogelegheiter opne.

  • Frontfigur Jon Askeland har gjort det klart at han gjerne blir fylkesordførar. Spørsmålet er om høgre- eller venstresida kan love han mest.

4. I kveld blir Vestlandet endra for godt

Tor Høvik

Mange vestlendingar går i dag til val i ein heilt ny kommune. Då er spelereglane endra. Her er tre kommunar det kan vere verd å følge særleg godt med på:

  • Industrisamfunnet Odda har alltid vore blodraudt. No smeltar dei saman med to klassiske jordbruks- og Senterparti-kommunar.
  • Nord for Bergen risikerer KrF å miste ein av sine beste kommunar når Lindås slår seg saman med Radøy og Meland.
  • Sund har vore eit sikkert kort for Høgre. No må dei konkurrere med langt meir Ap-vennlege kommunar i nye Øygarden.