KORT FORTALT

Slik hadde valet gått om Bergen sentrum fekk bestemme

Og: Rekordmange stemte. Sjekk forskjellane i det nye fylket. Ap blir berga av gode vener.

Gerd Margrete Tjeldflåt
Politisk journalist

God onsdag! I dag har eg dykka litt djupare i valresultata. Her er fire interessante ting eg fann.

Det tar vel to og eit halvt minutt å lese.

PS: Du kan få Kort fortalt rett i innboksen! Meld deg på her.

1. Desse hadde styrt om bydelane utanfor sentrum fekk bestemme

Alice Bratshaug

Det blei ingen klare valvinnarar i Bergen i år. Hadde kommunen derimot vore delt i sentrum og utkant, ville me fått to tydelege – og heilt motsette – resultat.

Kvifor er det viktig? Det har vore mykje snakk om polariseringa i dette valet. Resultatet blei rekordoppslutnad for både bompengepartiet og MDG. Grafen i toppen av denne artikkelen viser at denne polariseringa følgjer geografiske skiljelinjer i Bergen.

På den eine sida: I sentrumsbydelane hadde Arbeidarpartiet, SV og MDG nesten kunna fått fleirtal åleine.

  • Der blei MDG åleine nesten like store som Høgre, og Raudt større enn bompengepartiet.

På den andre sida: Hadde bydelane rundt fått bestemme, kunne Høgre, Frp og bompengepartiet nesten fått fleirtal åleine.

  • Der blei bompengepartiet om lag like stort som Arbeidarpartiet.

Bak tala: Skiljelinjene er dei same me har sett på BTs målingar gjennom valkampen. Bompengepartiet har heile tida stått absolutt sterkast i bydelane. MDG har gjort det best i sentrum.

  • Årsaker som er trekt fram er sjølvsagt at dei nye bomringane først og fremst kom i bydelane rundt sentrum. Folk i sentrum og Årstad har på den andre sida mest nytte av Bybanen.

2. To av tre stemte

Vestland hadde aller høgast valdeltaking i landet i dette valet. To av tre brukte stemmeretten sin i kommunevalet. Dette er langt fleire enn for fire år sidan.

  • Ser me berre på Bergen var det faktisk endå litt høgare valdeltaking. Her stemte over 68 prosent.

Kvifor er det viktig? Det er grunn for å tru at den høge valdeltakinga bidrog til at MDG, bompengepartiet og Senterpartiet gjorde gode val. Folk som ikkje har stemt før er blitt lokka til å stemme av desse protestpartia.

3. Alt ved det gamle i Sogn og Fjordane

Skjermdump

Senterpartiet får etter alt å dømme ordføraren i nye Vestland fylke. Men hadde Hordaland og Sogn og Fjordane halde fram som før, kunne resultatet fort blitt det same.

  • Senterpartiet gjorde det nemleg så godt i gamle Hordaland i dette valet, at dei ville hamna på vippen også der.

Hadde Sogn og Fjordane halde fram som før, ville det vore nesten ingen endringar på fylkestinget. Folk der stemte nemleg nesten heilt likt som for fire år sidan.

4. Slik blir Ap redda av venene

Terje Pedersen, Scanpix

Arbeidarpartiet og Høgre gjorde begge eit elendig val. Likevel ligg Ap an til å sitje ved makta i alle landets største byar dei komande åra. Fellesnemnaren er at alle er avhengige av mykje støtte frå andre parti.

  • I Bergen drakk Ap tysdag kaffi med folk frå ei heil røys med andre parti. Forhandlingane held fram.
  • I Oslo får Raymond Johansen etter alt å døme styre vidare saman med SV og MDG. Begge partnarane vaks medan Ap stupte i hovudstaden.
  • Stavanger har i tiår vore eit sikkert kort for Høgre. Men i år får dei Ap-ordførar. Kari Nessa Nordtun skal styre saman med både MDG og bompengepartiet, i tillegg til SV og Raudt. Også i nabobyen Sandnes har Ap fått bompengepartiet med på laget, saman med Frp og Sp.
  • I Trondheim gjekk Ap ned 16 prosentpoeng frå førre val. Likevel kan Rita Ottervik få halde fram som ordførar til tjueårsjubileet sitt. Også her blir MDG ei viktig støtte, men det må fleire parti til for å sikre fleirtalet.