Han var ein ekte idealist – og han ville ha ting gjennomført

Arne Sanden døydde 18. juli, 66 år gammal.

Utan Arne Sanden kunne det sett dårleg ut på anleggsfronten for idrett i Lærdal, skriv Magnar Ljøsne.
  • Magnar Ljøsne
Publisert: Publisert:
iconMinneord
Dette er et minneord. Minneord skrives ikke av BTs redaksjon, men av personer som kjente avdøde.

Med Arne Sanden sin bortgang har Lærdal IL mista ein viktig pådrivar for idrettsaktivitet og anlegg.

Underteikna sitt første møte med Arne var hausten 1972. Han kom på besøk, og ærendet var om eg kunne tenkja meg å vera trenar for fotballjuniorane. Då hadde han nett fylt 17 år! Det var ikkje vanleg at spelarar tok slikt initiativ.

Frå slutten av 60-talet var Lærdal stadion i dårleg stand. Bana hadde vore mykje brukt både vinter og sommar, men med lite vedlikehald. I 1974 tok Arne tak med å utbetra bana. Ved skulen låg det ein del unytta mold. Etter avtale med kommunen fekk laget nytta denne molda. Arne organiserte dugnad og sytte for såing. Han hadde enno ikkje fylt 19 år.

Lærdal stadion hadde dårlege målstenger. Arne hadde plan for slik utbetring òg. Han tok kontakt med røyrleggar og fekk laga mål av høvelege røyr!

19 år gammal vart han valt som leiar i laget. Sommaren dette året måtte han i militærtenesta. Medan han var der, sende han brev med utgreiing om arbeidsoppgåver som burde gjerast. Etterpå heldt han fram med idrettsarbeid. Han var mellom anna oppmann for fotballaget.

I 1987 var han tilbake som leiar for LIL i tre år. I denne perioden vart det arbeidd med å få til ei varmestova for skøyteløparane. Det kom først ei enkel Moelvenbrakka, som til slutt vart til klubbhus. På 2000-talet var han leiar i ein lengre periode. I denne perioden kom ny grasbane, og i 2006 var kunstgrasbana klar til bruk.

Han var pådrivaren for fotballbingane på Øyri, Ljøsne og i Borgund. Han hadde og ei hand med i omlegginga av gamle Lærdal stadion til skøytearena.

Arne hadde ikkje berre ideane om kva som burde gjerast, men han stod og på sjølv med arbeidsinnsats både i dugnad og mange gonger åleine. Arne var ein ekte idealist – og han ville ha ting gjennomført.

Han var utolmodig – og nokre gonger kunne han vera litt for krevjande. Det er no slik at ikkje alle har same iveren til alt som skal gjerast.

Utan Arne kunne det sett dårleg ut på anleggsfronten for idrett i Lærdal!

Publisert: