Vi vil ha regionalt kulturlyft

Vi trur på at skeivdelinga skal rettast opp, og på eit lyft for dei regionale kulturinstitusjonane.

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) svarar på BTs Frode Bjerkestrand sin kommentar i dette innlegget.
  • Kjersti Toppe, Åslaug Sem-Jacobsen
    Stortingsrepresentantar (Sp)
Publisert Publisert
iconKulturdebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs kulturavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

BTs kulturkommentator Frode Bjerkestrand framstiller det nesten som om Senterpartiet er meir oppteken av billegare flyreiser enn betre kultur og opera i distrikta i BT 13. august.

Bjerkestrand kommenterte mellom anna Åshild Sem-Jacobsen (Sp) sitt utspel i BT 12. august.

Denne framstillinga er tabloid og gir eit misvisande inntrykk av kor Senterpartiet står i kulturpolitikken!

Åslaug Sem-Jacobsen er kulturpolitisk talsperson for Senterpartiet.

Senterpartiet er heilt tydeleg på at Noreg treng eit lokalt og regionalt kulturlyft. Det har i lengre tid vore ei skeivdeling av den delen kulturmidlar som går til hovudstaden.

Senterpartiet meiner at det no trengst ei skikkeleg satsing på kultur i distrikta, inkludert dei regionale operaene, teatera, orkestera og det frie kunstfeltet – som dei frie dans- og teatergruppene.

Til dette trengst også ei styrking av rammene for dei fylkeskommunale kulturmidla.

Senterpartiet vil opprette regionale kulturfond dersom dei kjem til makta, skriv Toppe og Sem-Jacobsen. Her frå ein operaoppsetjing i Grieghallen i 2018.

Medan regjeringa har lagt opp til at all satsing på kulturfeltet skal løysast innan for dei gjeldande økonomiske rammene, vil Senterpartiet bruke meir midlar til kultur.

Les også

Reagerer på skjevfordeling av operamidler: – Oppsiktsvekkende og skuffende

I statsbudsjettet for 2021 la vi inn 630 millionar kroner meir til kulturfeltet enn regjeringa. Andelen av statsbudsjettet til kulturformål har under Erna Solberg (H) gått stadig ned, fram til koronapandemien.

Senterpartiet går til val på å bruke ein prosent av statsbudsjettet til kultur, slik vi gjorde i den raudgrøne regjeringa i 2013.

Les også

Vil kutte flypriser for å frakte kulturpublikum til Oslo: – Helt hårreisende

Senterpartiet har i føreslått at det må opprettast regionale kulturfond for å styrke lokal og regional kultur ytterlegare.

Bjerkestrand meiner at dei regionale kulturinstitusjonane, slik som Bergen Nasjonale Opera, truleg må gnage på sine slitne bein i fire år til.

Les også

90 prosent av midlene går til Oslo. – Vi er kritisk underfinansierte, sier operasjefen.

Vel, det må vere dersom Høgre- regjeringa får fortsette. Vi trur på at skeivdelinga skal rettast opp, og på eit lyft for dei regionale kulturinstitusjonane med eit større kulturbudsjett i ei ny regjering.

Publisert
  1. Kulturpolitikk
  2. Kultur
  3. Opera
  4. Kjersti Toppe
  5. Bergen

Les videre

  1. Reiselivssjefen i Bergen: – Hvis forfallet får fortsette, er det fullstendig skandale

  2. Raja vil redde DNS og Lysøen, kom med titalls millioner: – De har levd i et helvete ganske lenge

  3. – Ole Bull-villaen trenger minst 25 millioner til

  4. Praktvillaen skal bli som ny – staten tar regningen

BT anbefaler

Palasset har vært på topp­listen to år på rad. Se byens 50 dyreste boliger.

Nær dobling i antall storsalg i fjor. Se boligtoppen her.

LES SAKEN