Bergen vil ikkje stela frå Oslo

Men eit operahus utan innhald, er som ein idrettshall utan utstyr.

Operasjef Eivind Gullberg Jensen vil at BNO skal bli eit knutepunkt for opera på Vestlandet.
  • Eivind Gullberg Jensen
    Operasjef, Bergen Nasjonale Opera (BNO)
Publisert Publisert
iconKulturdebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs kulturavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det går føre seg ein operadebatt på Vestlandet for tida. Lat meg vera klinkande klår:

Me i Bergen Nasjonale Opera (BNO) ynskjer sjølvsagt ikkje at det skal kuttast frå budsjettet til Den Norske Opera & Ballett (DNO & B), i rein Robin Hood-stil.

Eg dirigerte sjølv den fyrste eigenproduserte operaproduksjonen i Bjørvika i 2009, med noverande operasjef Randi Stene i ei av hovudrollene. Alle me som lever av, og elskar, den unike kunstforma opera her heime på berget, er svært stolte over at Noreg har fått eit topp moderne operahus i verdsklasse!

Les også

90 prosent av midlene går til Oslo. – Vi er kritisk underfinansierte, sier operasjefen.

På mange måtar kan man argumentera for at sjølv ikkje DNO & B vart styrkja tilstrekkeleg finansielt med det fyrste, til å fylla det nye operahuset med nok innhald.

Trass i dette er det svært mykje stor kunst som har vorte framført på scenene i Bjørvika, både innan opera og ballett – heilt frå Paul Curran, via Per Boye Hansen, og no med alle dei spanande planane til Randi Stene og Ingrid Lorentzen.

Les også

Bergen må fortsette å leve i skyggen av Oslo. Lenge.

Kulturredaktør i Bergens Tidende, Frode Bjerkestrand, målar eit mørkt bilete av situasjonen til Bergen i sitt siste innlegg.

Han har sjølvsagt rett i at alle signalbyggja i Oslo forpliktar, krev auka drift, som igjen tærer på Kulturdepartementet sitt budsjett. Og når dei fleste av desse byggja står i hovudstaden, vert det naturleg nok ekstrem skilnad mellom «by og land».

Men eg vel å ikkje tolka han bokstaveleg når han skriv at det skal politisk mot til for å kutta frå Oslo si kaka.

Her dirigerer noverande operasjef i BNO, Eivind Gullberg Jensen, under tiårsjubileumet til DNO & B i Oslo i 2018.

Me treng eit vitalt og slagkraftig operaflaggskip i Noreg – det må sjølvsagt vera Den Norske Opera & Ballett i Oslo.

Men Bergen Nasjonale Opera vil, og skal, på same måte vera eit samlande knutepunkt for opera på internasjonalt nivå for heile Vest-Noreg. Noko som alle kan dra vekslar med, frå Operaen i Kristiansund i nord, til Opera Rogaland i sør.

Les også

Reagerer på skjevfordeling av operamidler: – Oppsiktsvekkende og skuffende

Inga kunstform har nemleg godt av å ha monopol.

Kva hadde Oslo-Filharmonien vore utan knallhard konkurranse frå Bergen Filharmoniske Orkester? Nationaltheatret og Det Norske Teatret utan Den Nasjonale scene, og så vidare?

Bergen Nasjonale Opera er eit naturleg operamiljø nummer to i Noreg, og vil på same måte kunna driva ein sunn, kvalitetsdrivande konkurranse og «korreks» til Den Norske Opera & Ballett i Oslo.

Under Festspelopninga i vår gjekk kulturminister Abid Raja (V) langt i å lova pengar til eit nytt Griegkvartal i Bergen.

Og med dei store planane om å byggja ut Griegkvartalet ved Grieghallen, vil også Bergen få ei scene som er skreddarsydd for vokalmusikk og musikkteater i Bergen.

Alle hjarta i Bergen gjorde eit ekstra hopp då kulturminister Abid Raja lova å sikra vidare prosjektering av Griegkvartalet i Bergen under Festspelopninga.

Men det er vonlaus politikk å byggja musikteaterhus utan å sikra innhald – det blir som å byggja idrettshallar utan å ha råd til inventar og utstyr.

Slik kan det nye kulturkvartalet ved Grieghallen bli sjåande ut.

Difor har Byråd for Kultur, mangfald og jamstilling, Katrine Nødtvedt (MDG), skrive eit brev til Kulturdepartementet på vegner av Bergen kommune og Vestland fylkeskommune. Der ber dei om at BNO får eit samla auka tilskot på ti-tolv millionar kroner over 2 år.

Men Bergen vil ikkje stela frå Oslo.

Me ynskjer berre at publikummet i Bergen og på Vestlandet skal verta sikra eit kontinuerleg, heilprofesjonelt operatilbod – i denne omgang; to fullsceniske operaproduksjonar pr. sesong.

Les også

Vil kutte flypriser for å frakte kulturpublikum til Oslo: – Helt hårreisende

Me har bede Abid Raja om smålåtne fire millionar kroner ekstra for 2022 – det er berre småpengar når Griegkvartalet skal realiserast.

Skal det vera noko poeng å gå vidare med planane om nytt Griegkvartal i Bergen, må politikarane samstundes visa at dei også er viljuge til å gje levelege vilkår for den kunstforma huset skal byggast for – kva skal me elles med musikkteaterhuset?

Dette innlegget vart først publisert på Eivind Gullberg Jensen si Facebook-side.

Publisert
  1. Opera
  2. Kultur
  3. Den Norske Opera & Ballett
  4. DNO
  5. Bergen

Les videre

  1. «Bergens flotteste signalbygg får endelig nødhjelp»

  2. Gir 608 millioner til total modernisering av DNS: – Jeg eksploderer av glede

  3. DNS flytter avdelinger til Laksevåg. – Alle er nok ikke superglade.

  4. Han tapte 30 prosent av lønnen sin i en periode. Mens teateret gikk 10 millioner i overskudd.

BT anbefaler

Han har vært frivillig i Sandviken siden 1988. Én sak fikk «Jappi» til å levere inn nøklene og takke for seg.

Ingen har vært frivillig i Sandviken Toppfotball lenger enn Jan Magne «Jappi» Ottesen (68).

LES SAKEN