Gjenopning av kulturlivet i dag!

No er det ikkje tvil: Tiltaka rammar mykje hardare enn sjølve viruset.

Med koronapass kan kulturlivet opne igjen, meiner operasjef Eivind Gullberg Jensen.
  • Eivind Gullberg Jensen
    Operasjef, Bergen Nasjonale Opera (BNO)
Publisert Publisert
iconKulturdebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs kulturavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Hugsar du diskusjonane frå april 2020? Etter nokre veker med nedstenging av landet, fanst det allereie då ytringar om at tiltaka kunne vera farlegare for «folk flest», enn sjølve viruset.

Sidan den gong har over 90 prosent av alle vaksne nordmenn vorte vaksinerte, og covid har mutert fleire gongar, til stadig raskare og mildare variantar.

Er du fullvaksinert er risikoen svært liten for at du utviklar alvorleg sjukdom, og med tredje dose merkar du kanskje ikkje at du vert smitta.

Er det ikkje då ironisk at ein ikkje kan innføra mellombels koronapass i kulturlivet, slik at me igjen kan fylla opp salane med publikum – og omsider gje ein bransje som har blødd i snart to år, eit føreseieleg tilvære?

Er det at vaksinerte også kan verta smitta eigentleg eit relevant motargument?

Kvifor har me eigentleg restriksjonar? For at ikkje folk som kan verta alvorleg sjuke skal bli smitta og overbelasta intensivkapasiteten på sjukehusa, ikkje sant?

Om me skal omsetja det til dagens situasjon, med høg vaksinasjonsgrad, så har me altså stengt ned kulturlivet for at dei uvaksinerte ikkje skal verta smitta, då desse no utgjer «risikogruppa».

Hadde ein derimot innført koronapass både i utelivsbransjen og i kulturlivet, til pandemien var over, ville me fått eit naturleg skilje – risikogruppa ville heldt seg meir heime. Er det ikkje det som har vore målet med alle tiltaka under pandemien, å verna dei svakaste gruppene? Nett no er dei uvaksinerte den svakaste gruppa.

Les også

FHI: 69 prosent lavere risiko for sykehusinnleggelse med omikron

Kvifor stenga ned alt, når ein med enkle grep kan halda samfunnet ope for dei som toler å verta smitta, og samstundes motivera risikogruppa til å vaksinera seg?

Det har dessverre vore lite snakk i det offentlege ordskiftet, om at kulturlivet har vore knebla i over ein månad – kanskje fordi me stort sett har vore nedstengt dei siste par åra?

Desto meir åtgaum har inndraginga av skjenkeløyvet fått – det har til og med gått sport i å verta den fyrste politikaren som hintar om at det er på tide å opna kranane igjen. Det har vidare vore heftig debattert kor vidt det eigentleg utgjer nokon smittefare å ta eit glas vin til maten. Her er det sikkert mange ulike meiningar.

Les også

Fulle konsertsaler uten munnbind bekymrer Lillian

Det som derimot burde vera heva over ein kvar tvil, er at alt tyder på at folk ikkje vert smitta i ein konsert- eller teatersal.

Trass i at denne kunnskapen finst, har kulturlivet i Noreg vore det fyrste som vert ofra, og det siste som vert opna igjen, kvar einaste gong!

Kvifor?

Kanskje var diskusjonane om tiltaksbyrda i april 2020 premature? Kanskje hadde me for lite kunnskap til å vurdera det den gongen?

No er me i 2022, og no burde det ikkje vera tvil:
Tiltaka rammar mykje hardare enn sjølve viruset – heile kulturlivet i Noreg er i ferd med å forvitra, og det toler ikkje å leva i denne uvissa lenger.
Ei ytterlegare vidareføring av restriksjonane i kulturbransjen, kan difor ikkje seiast å vera anna enn planlaus symbolpolitikk.

Eg las ein stad at Noreg har dei strengaste restriksjonane i verda, fordi me har råd til det. Samstundes veit me at eit land utan kultur, er eit fattig land. Ironisk nok gjer rikdomen vår oss til eit av verdas fattigaste land.

I dag håper me ikkje at restriksjonane i kulturlivet vert oppheva – me forventar det, uavhengig av om smitten fortset å stiga.
Høyrde eg 200 i salen? 500? 3 x 200? 800?

Nei, gje oss fulle salar med koronapass – og la folk kjenna at dei lever igjen.

I tilfelle de har gløymd det – fram til mars 2020 var det kulturbransjen som gav livet innhald og meining, det vil me gjerne fortsetja med ...

Publisert
  1. Koronaviruset
  2. Øl
  3. Kultur

Les videre

  1. Åpner de opp? Her er de syv tingene regjeringen ser på.

  2. – Ingen friske fullvaksinerte blant de aller sykeste

  3. Kultur-Bergen vil ha koronapass

  4. Hva gjør vi ved neste smittebølge? En radikal idé får støtte fra helseministeren.

  5. – Myndighetene lytter ikke til våre fagfolk

  6. Til denne konserten vil de ha 23.000 mennesker på Koengen: – Planlegger uten restriksjoner

BT anbefaler

141 boliger i Bergen kostet over ti millioner. Se bildene!

Nær dobling i antall storsalg i fjor. Se boligtoppen her.

LES SAKEN