Ein slags guide til å «forstå kunst»

Å seie at bra kunst må vere fint og bra måla, blir like underleg som å seie at bra bøker kjem av at ein forfattar er veldig flink i grammatikk.

Om ein ikkje går på kunstutstillingar, vil ikkje kunst kjennast viktig. Men det finst eit gjerde rundt kunsten som gjer det vanskelegare å kome inn, skriv Brynhild G. Winther. Foto: Privat

  • Brynhild G. Winther
    Kunstnar og kunstkritikar i Billedkunst
Publisert Publisert
iconKulturdebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs kulturavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det ligg noko interessant i det Agnes Nedregård skriv om Öde Nerdrum sitt ønske om å distansere seg frå massane. Samtidig lagar han den kunstforma massane ønskjer seg. Nemleg fine måleri.

For mange er kunst synonymt med måleri, og om det skal vere bra kunst, må det vere fint og bra måla. Spør du meg, blir det like underleg som å seie at bra bøker kjem av at ein forfattar er veldig flink i grammatikk. Og, ikkje alle måleri er kunst, på same måte som at ikkje alle ord er litteratur. Teknikken og materialet er ofte med på å understreke innhaldet.

Men kunst handlar ikkje om å vise kor flink ein har vore. Faktisk har kvar enkelt kunstnar sine individuelle grunnar til å lage kunst.

Somme av oss har eit ytringsbehov og vil ha fokus på saker me er opptekne av. Somme gongar med politiske undertonar. Andre jobbar med hendene på måtar som handlar mest om visuell poesi, utan at det finst ei språkleg forklaring på det heile. Ein kan faktisk sjå med berre blikket. Utan å omsetje alt til ord.

Ofte høyrer eg folk seie at dei ikkje forstår kunst. Det blir like rart som å seie at ein ikkje forstår bøker. I tillegg er det viktig å vite at ein person som har studert litteraturvitskap, ser noko anna i bøker enn me andre ser. På same måte vil ein kunstnar, eller ein person som har studert kunsthistorie, sjå noko andre ikkje ser. Det betyr ikkje at alle andre tek feil, og at ein ikkje «forstår kunst».

På same måte som ein i bøker kan relatere det ein les til noko i seg sjølv, kan ein òg relatere det ein ser i kunsten til eigne erfaringar. Utan at det er «feil». Ein ser ting på ulike måtar i kunsten som elles i livet.

Les også

Du blir invitert til eit 90-årskalas med 150 kunstnarar

Innanfor samtidskunstfeltet finst det menneske som ynskjer å ha ein distanse til det somme vil kalle «folk flest». Altså folk utanfor kunstfeltet.

Somme lagar kunst for andre kunstnarar. Det må òg vere lov. Det blir òg skrive bøker som utelukkande er av interesse for folk med bakgrunn i feltet. Men det betyr ikkje at me andre ikkje kan lese dei, om me skulle få lyst. Og kanskje oppdagar me noko der inne, som gjer at me ser litteratur på ein anna måte etterpå.

Det same kan oppstå i kunsten om ein før ein går inn døra, fjernar filteret som seier «eg forstår ikkje kunst», og heller ser med opne augo etter noko ein kanskje ikkje har sett før. Kanskje vil du berre oppdage at denne utstillinga ikkje hadde deg som målgruppe. Det betyr ikkje at det er dårleg kunst.

Når ein snakkar om kunst, vil mange umiddelbart meine noko om kunstnarstipend. Den viktigaste årsaka til at me treng kunstnarstipend er at det finst folk som jobbar fulle arbeidsdagar, for at du skal kunne gå i galleri og på museum og oppleve kunst. I tillegg er det gratis å kome inn i dei fleste galleri. Og om ein går inn, vil ein fort oppdage at det finst veldig mykje bra kunst som ikkje kan kjøpast, men som ein likevel treng.

For somme gongar må ein gå inn i eit anna rom for å lufte tankane. Å gå på tur med tankane i nye landskap og soger er berre noko av det ein kan oppleve på ei kunstutstilling. Men kunsten blir kanskje meiningslaus utan det ein sjølv tenkjer når ein ser på den?

Les også

Dahlia (6) og Eiliv (6) møter kunsten til Thomas Pihl

Agnes Nedregård skriv i sitt innlegg at kunsten kunne ha fylt ei meir interessant rolle i offentlegheita enn den gjer i dag. Eg tenkjer at den allereie fyller ei viktig rolle i samfunnet, men at nokon har sopa kunsten så langt under golvteppet at ein ikkje legg merke til den, med mindre ein snublar i den.

Det heile kunne kanskje ha vore så enkelt: Om ein ikkje går i skogen, vil ikkje skogen kjennast viktig. Om ein ikkje går på kunstutstillingar, vil ikkje kunst kjennast viktig. Men det finst eit gjerde rundt kunsten som gjer det vanskelegare å kome inn. Kven har ansvaret for at det gjerdet finst, og korleis kan me dekonstruere det?

Publisert
  1. Kunst

Les videre

  1. Øyvind (23) solgte digital kunst for 200.000 kroner på én måned

  2. Sitter på kryptokunst for millioner: Møt noen av de største samlerne

  3. Halvparten av kultur­aktørene fikk avslag på koronastøtte

  4. «Ingenting kunne forberede meg på utstillinga»

BT anbefaler

Her brytes korona­reglene: – Svært alvorlig

Arbeidstilsynet har avdekket brudd på koronaregler i nærmere en fjerdedel av tilsynene i Vestland i år.

LES SAKEN