Nasjonalromantisk klimaåtvaring

Briljerer ikkje, men er ein fin opplading til adventstida.

FORSOVE SEG: Blånissene har forsove seg til tenesta i år. "Blåfjell 2: Jakten på det magiske horn" er en forgjengar til serien som går på NRK med jevne mellomrom, men står bra på eigne bein, meiner BTs melder. FILMWEB

Andreas Hadsel Opsvik

Blånissane – som kvar vinter står ansvarleg for å skape blåfargen som omhyller desemberkveldane – har forsove seg til tenesta. At det er den kaldaste vinteren nokon nisse kan hugse hjelper på ingen måte, spesielt sidan ein veksande isbre trugar den nærliggjande rødnissegarden, og rødnissekongen Dreng. Berre det magisk hornet kan fikse på vinteren, men dette vart gøymd i Gråfjell for mange generasjonar sidan, sidan hornets kraft kan dytte naturen ut av balanse. I dag er Gråfjell ei kolgruve, bebudd av husfolk. Kva skal Dronning Fjellrose gjere no?

Denne filmen er – i likskap med den førre – ein forgjengar til TV-seriane som dukkar opp på NRK med jamne mellomrom. Denne oppdelinga fungerer ypparleg. «Blåfjell 2…» er ikkje noko ein må ha med seg for å forstå TV-serien, men historia fell fint inn i det eksisterande universet og står samtidig godt på eigne bein.

Dei to hovudskodespelarane fortset frå den førre filmen og farar godt, spesielt i filmens actionscener. Nokre av filmens mindre rollefigurar kan kjennast litt "teaterstive" av og til, utan at dette går særleg ut over filmen som heilskap. I tillegg gjer Toralv Maurstad ei nydeleg innhoppar-rolle som Mosetussen, ein skogskrabat med klingande vossamål.

Filmen skor ein del av promoteringsmaterialet sitt på å vere den første norskproduserte 3D-filmen. 3D-effektane er jamt over gode, og især ei actionscene med kolvogner utnyttar dette på ein god måte. Mykje av filmen er spelt inn i dei tronge koboltgruvene i Modum, og god bruk av dei naturlege kulissene skapar fin djupnekjensle. Samtidig føler eg at dei tronge gruvene fører til litt stilleståande og keisam kameraføring. Når ein tek med i rekninga at 3D-kamera er større og meir uhandterlege enn vanleg, er det kanskje ikkje så rart.

Overtydeleg symbolikk har etter kvart blitt eit fast innslag i barnefilm, og "Blåfjell 2…" er ikkje noko unntak. Filmen opererer med eit klart og tydeleg bodskap: Det er farleg å gripe inn i naturens gang. Eit godt tema, men som mot slutten kjennest litt trekt over hovudet mitt.

Eg har fått eit fint gjensyn med universet eg først såg på Barne-TV på slutten av 90-talet, og det kjem nok ikkje som noko overrasking at den opphavlege serien igjen vert sendt som adventskalender i år. I tillegg kjem eit videospel, som eg går ut frå at kjem til å innehalde køyring av kolvogner!

Filmen briljerer ikkje på nokre punkt, men er jamt over underhaldande. Som opplading til desember – eller avveksling frå adventskalenderen – er "Blåfjell 2…" eit godt val for kvar ein blå vinterkveld.

Er du enig med vår anmelder?