- Heilt unikt i norsk musikkliv

Tingingsverket under Vossa Jazz, gjer festivalen til ein av dei viktigaste i Noreg, uansett sjanger, meiner jazz-kritikar Erling Wiklund.

svp://31951

SPENT: Mats Eilertsen medgir at Tingingsverket representerer ei stor utfordring.

VEGAR VALDE

Det årlege Tingingsverket under Vossa Jazz er ein av dei viktigaste hendingane i norsk musikkliv i løpet av eit år.Det meiner Erling Wiklund, jazz-kritikar kjend frå NRK-programmet Spillrommet. I kveld er det bassist Mats Eilertsen som skal presentere sitt tingingsverk.

— Det gir Vossa Jazz ein tydeleg profil i forhold til andre festivalar, og som sådan er det rett å seie at tingingsverk gjer Vossa Jazz til ein av dei viktigaste hendingane i norsk musikk, seier Wiklund.

Innanfor frie kreative rammer får ein musikar høve til å setje sitt preg på festivalen. Eilertsen har arbeidd med prosjektet sidan i fjor haust.

— Eg har veksla mellom å elske det, og samtidig kjenne på presset. Det er ei lang linje med store artistar som har presentert dette før, seier Eilertsen.

Karrieredefinerande

Tingingsverket har vorte ein tradisjon sidan det først vart lansert i 1978. Erling Wiklund trekk fram at oppdraget har vore definerande for mange norske jazzmusikarar, og ført til eit artistisk vendepunkt. Nils Petter Molværs «Labyrinter», Arild Andersens «Sagn» og Egil Kapstads minnekonsert for jazzpianisten Bill Evans, står seg alle for ettertida, ifølgje kritikaren.

— Det har betydd mykje for karrieren til dei som har blitt utfordra. For Arild Andersen representerte det eit fullstendig gjennombrot, og endra karrieren hans.

— Festivalen har òg vore flinke til å velje rett person i rett augneblink. Det må vere ein med erfaring, som har noko på hjartet. Verket skal vere sjangeroverskridand, og litt som naturen på Voss – vill og utfordrande, fortel Wiklund.

- Som å krysse ei elv

Mats Eilertsen er den 33. musikaren som har fått utfordringa. Han har valt å kalle sitt tingingsverk «Rubicon», etter den mytiske elva som Julius Cæsar måtte krysse for å erklære borgarkrig.

— Tingingsverket representerer ei stor utfordring for meg, vedgår Eilersten:

— Samtidig er dette ei tilbakevendande utfordring i livet, val ein må ta, anten det er å skifte jobb eller å plukke opp fiolinen. Det handlar om å tørre å gjere det ein har lyst til, seier Eilertsen om namnet på verket, og legg til:

— Så har eg også ein tiåring som snart forlet barndommen og kryssar elva inn mot ungdommen og vaksenlivet.

Håper på etterliv

Eilertsen har teke utgangspunkt i sine siste utgjevingar for å tonesetje årets tingingsverk. Med seg på scena har han musikantane Thomas Dahl, Trygve Seim, Olavi Louhivuori, Harmen Fraanje, Rob Waring og Eirik Hegdal. Erling Wiklund har store forventningar til konserten.

Det kan bli noko ganske uhøyrt. Eilertsen er ein stor lyrikar. Han vil nok byggje på samspelet med dei andre, og gi oss eit sterkt bilde av kven dei er i dag. Det blir heilt sikkert vakker musikk, spår Erling Wiklund.

Mats Eilertsen held korta tett til brystet, og vil ikkje seie så mykje om verket på førehand.

— Eg er ikkje vant til å store oppsetjingar, men dette var ein unik sjanse til å gjere nesten alt innanfor grensene av det rimelege, seier Eilertsen.

Han håper prosjektet også kan få eit liv etter konserten.

— Det hadde vore ein draum å få turnert med materialet i eit års tid etter på, og så kome tilbake. Det er først då det verkelege potensialet opnar seg.

svp://31951