Får eigen konsert i bursdagsgåve

Jorunn Torsheim ville gjere noko spesielt for faren Oddvar Torsheim på 75-årsdagen.

Publisert: Publisert:

JUBILEUM: Oddvar Torsheim får kompetent musikalsk følgje På Ole Bull 8. oktober, der dottera Jorunn arrangerer "Ein kveld med Oddvar Torsheim" som del av 75-årsjubileet hans. Foto: Anders Thormann

— Han har jo hatt konsertar på mindre scener, men no tenkte eg at det kunne vere kjekt at han fekk ei større scene. Og eg hadde så lyst til å gjere noko i Bergen, seier Jorunn Torsheim, sopranen som er dotter av biletkunstnaren og musikanten Oddvar Torsheim.

Difor trommar ho saman eit lag musikarar som skal backe faren hennar på Ole Bull Scene 8. oktober, ein knapp månad før sjølve 75-årsdagen hans 2. november. Festkvelden er open for alle som kjøper billett.

Torsheim får slik utøve sine vokale prestasjonar i lag med Arvid Wam Solvang (gitar), Pål Bråtelund (bass), som Jorunn Torsheim sjølv er gift med, Børre Flyen (trommer) og Gisle Børge Styve (tangentar).

Styve og Tokvam

— Eit topplag! Finn Tokvam er òg med. Det blir eit musikkalas. Eg var veldig glad for å få med Gisle Børge – han er jo frå Førde, og pappa og han likar veldig godt å jobbe i lag med kvarandre. Dei andre musikarane er slike som jobbar med Maria Mena, Marit Larsen og Anne Grete Preus mellom andre. Så dette blir jo noko anna for dei, seier Jorunn Torsheim, som også har gitt seg sjølv kunstnariske oppgåver på konserten.

— Eg skal kore. Eg og Elisabeth Moberg blir kordamer.

Farens 75-årsdag skal òg markerast på anna vis denne hausten. I Naustdal skal Geir S. Hjetlands skulptur "Kyra" avdukast. Det er eit verk basert på Oddvar Torsheims måleri "Nedkomst" frå 1972. Der vert den ståande i lag med Kjartan Slettemarks skulptur "Budeia".

— "Kyra" skal ha kalv i magen som lyser når det er mørkt, opplyser Jorunn Torsheim.

"Bra fråspark"

"Kyra" er ei folkegåve til Oddvar Torsheim, der alle som vil kan vere med å finansiere skulpturen. Til overmål opnar Oddvar Torsheim òg retrospektiv utstilling 2. november i Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde.

For jubilanten sjølv handlar det om å vere i god form til all festivitasen – ikkje minst konserten På Ole Bull. Han skal trass alt vere hovudattraksjon.

— Det blir fantastisk flott. Eg håper eg klarer å leve opp til dette. Det blir vel laus snipp. Og skulle det bli fiasko, får eg bli skikkeleg fiasko. Du veit jo – Jorunn kan jo å syngje. Men eg har bra fråspark.

Oddvar Torsheim set stor pris på engasjementet til dottera i høve jubileet og anna, seier han.

— Jorunn er gullungen. Som takk for hjelp passar eg barnebarna.

Publisert: