TV 2-sjefen måtte vise ID for å kome inn i sitt gamle lokale

Dei siste 27 åra har dei grå bygga på Nøstet vore heimen til TV 2. Tysdag blei lysa sløkt for siste gong, og heile produksjonen får omsider flytte til Media City Bergen.

– Det ligg mykje historie i veggane her.

TV 2-sjef Olav Sandnes går gjennom dei tronge gangane til det som ein gong husa heile bergensredaksjonen, rundt 370 personar, til TV 2.